Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

A-Laget: Sund - Trio 3-1

Klikk på bilete for full storleik
Surt tap og surt vær! (Foto:Rune Grønstøl)
 
Trio reiste for til Sotra for å bryna seg på topplaget Sund på laurdag. Dei 3 siste oppgjera på Hald stadion har vore ein gjørmekrig. Det vart gjørmekrig denne laurdagen også.
 

Lagoppstilling:

 

Eirik W. Eikeland
Andreas Charter Røyrvik, Åsmund Voster (C), Warhel Suleman, Marius Røyrvik
Simon Korttila, Håvard Haga, Lars B. Heggøy
Georg Onasaka, Andreas Thorkildsen
Sondre Myklebust

 

Reserva:

 

Halvard Enes (!), Roger Røssland, Emanuell Onasaka, Dawit Kahsay, Simen Røssland

 

Sund - Trio 3-1 (0-0)
Hald Stadion

 

1-0 (49min) Sund
2-0 (54min) Sund
2-1 (70min) Georg Onasaka
3-1 (90min) Sund

 

Trio mønstra eit godt mannskap til oppgjeret mot Sund på lørdag. Men værgudane var som vanleg ikkje blide og åpna slusene over Hald stadion. Det vart derfor ikkje mykje finspel skal ein tru på rapportane.

 

Kampen åpna med eit bra trøkk fra Sund. Dei stod høgt med laget sitt og stressa vår bakre firar. Dei fekk nokre cornera som Trio rydda greit opp i. Etter kvart kom Trio meir med i kampen og kom til nokre sjansar. Lars Bernhard og Haga hadde nokre mulighetar men Sund var det farligaste laget. Eirik stod godt i mål og holdt oss inne i kampen.

 

Då dommaren bles til pause så var dommen så her: Sund vant mange duellar og plukka det som var av andreballar. Dei var meir aggressive i presset og virka som dei ville meir. Men Trio var farlege på kontringar og me kom meir med i kampen utover omgangen.

 

2.omgang starta ikkje noko særleg bra. Først fekk Sund straffe som dei enkelt satte i mål. Så fekk Sund frispark lika etterpå i farleg posisjon. Skotet gjekk rett i mål etter ikkje heilt patent kepperspel.

 

Trio hadde ikkje gitt seg. Me trong friske og raske bein og kasta innpå det som var av innbyttera. Me la om til 3 bak og forsøkte å nullstilla oss. Og i det 70 minutt kunne Trio omsider jubla då Dawit banka ballen forbi Sund-keeperen. Trio fekk no ei vitamininnsprøytning og pressa på for ei utlikning. Dei siste 20 minuttane var knapt Sund over midbanen. Trio hadde mange sjansar men fekk ikkje ballen i mål. Då kampen nærma seg slutt så fekk Sund kontra og satt inn det som skulle bli spikeren i kista.

 

Trio makta heller ikkje denne gongen å ta med seg poeng på bortebane. Gutane la ned ein solid innsats i pøsregnet på Sotra men dessverre så fekk ein ikkje lønn for strevet.

 

-Henrik L. Røssland-

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart