|
Heimetap mot Loddefjord | | | | | J14: Trio-Loddefjord 1-5. Eit sjukdomsprega lag som gjekk på banen laurdag. Jentene frå Loddefjord var frampå og etter nokre minuttar var dei i leiinga med to kjappe mål. Når me i tillegg laga straffe og jentene frå byen nyttar sjansen så vert det ein særs tung første omgang og dalande vilje til å arbeide for laget. | | | | Første omgang ender med at me ligg under med heile fem mål og da er litt av noko hengehåver som tek pause!
| | | | Jentene vert utfordra i pausen: Gløym det som har skjedd. Kva kan kvar og ein gjera for å endre dette i andre omgang?
| | | | Me anar ikkje kva som skjedde for det var eit heilt anna lag som kom utpå. I frå å tape første omgang snur dei på alt, jobbar hardt, vinn ballar og jammen slår ikkje Sofie til med eitt mål! Herligt!
| | | | Jentene prover at dei kan om dei vil, og ei lekse å ta med seg vidare er at det handlar om deira haldningar samt innsats gjennom ein heil kamp. Samstundes stod dei fram som eit lag som tok ansvar!
| | | | Me ristar tapet av oss og ser fram i mot neste kamp i Åsane.
| | | Siri
| | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |