Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tok serieleiaren på Karmøy!

Klikk på bilete for full storleik
Glad gjeng på ferja heim etter siger mot serieleiar Avaldsnes
 
G15: Avaldsnes - Trio 1-2
Ein flott gjeng med 15 gutar tok tirsdag turen til Karmøy for tøff bortekamp mot serieleiar Avaldsnes. Heimelaget imponerte ingen, bortelaget imponerte alle frammøtte - og reiste heim med 3 poeng etter å ha snudd 0-1 til 2-1 siger.
 
Klikk på bilete for full storleik
Banens beste: Daniel

Gameplan la vi på MF Hardingen på veg til Skjersholmane. Vi snakka om at Avaldsnes kom til å spele mykje langt til ein rask og god spiss. Det stemte. Vi forventa oss høgt press frå serieleiar på heimebane, det stemte ikkje (dei trakk 9 mann ned på egen halvdel og lot oss trille så mykje ball vi ville på egen halvdel). Vidare at vi ikkje måtte bli med på 'kick & run' fotball, men vera tru mot vår måte å spela fotball på. Det klarte vi til dei grader, sjølv om vi ikkje lykkast med alt vi prøver på.

 
Klikk på bilete for full storleik
Martin var tilbake frå skade og blei matchvinnar

Vi får ein real kalddusj og ein i trynet nesten direkte frå avspark. Avaldsnes får tildelt eit frispark omtrent på midtstreken. Ballen blir slått med full kraft av deiras store midtstoppar mot vårt mål. Torstein er litt uoppmerksom og oppdagar faren litt for seint. Det er nok til at ballen dett ned i målet bak han. 0-1. Vi lar oss ikkje affisere av dette i det heile og tar tak i kampen umiddelbart etter nytt avspark. Vi begynner å spele ball, Avaldsnes spring mykje i mellomog framstår herifra som eit primitivt og middelmådig lag som einsidig slo lange ballar til ein spiss i håp om at han skulle få til noke. Han møtte imidlertid i dag eit forsvar som ikkje ga ved dørene. Mathias, Tarmo, Joakim og Ole Martin spelte ein solid kamp i forsvarsrekka. Vi slepp til ein målsjanse i kvar omgang utover målet. På den første får Torstein sin revansj og reddar mesterlig. Vi eiger ballen i store deler av kampen og har mange fine trekkog kombinasjoner. Det manglar littegrann på bevegelse og tempo/presisjon på siste tredjedel av banen, men det ligg opplagt ei utligning i lufta. Daniel får tidlig godt med oppmerksomhet frå motstandar etter ein svært god åpning av kampen. Isak fekk sjansen i tospann med Daniel sentralt i dag og var då flink å gjere seg fri i mellomrom føre deiras forsvar. Han prøver skuddfoten 2-3 gonger, uten å få det heilt store treffet, men er og viktig som spelpunkt. Daniel er sjølv nære på etter kort corner med Lars. Han treff ikkje 100%, men nok til at ballen går i krysset og ut. Så etter ca 25 minutt får Martin rettvendt seg i si spissrolle litt venstre og ser Mads på løp inn i 16-meteren på motsatt side. Backen er på etterskudd og ser ikkje anna råd enn å hindra Mads i det han drar med seg ballen. Soleklar straffe. Daniel er sikker og sett ballen kontrollert til sides for keeper. Vi fortsetter å dominera banespelet og det er ein fryd å sjå gutar som vil SPELE fotball i stadenfor å SPARKE. 1-1 til pause og masse skryt for gjennomføring.

 
Klikk på bilete for full storleik
Flott kamp som midtstoppar av Tarmo

Sluttomgangen blir veldig lik første, bare at vi slepp å begynne med baklengs. Vi fortsett å eiga ballen og etter godt angrep og nok eit «nesten», står vi etter for gjenvinning høgt. Daniel lykkast med å få foten på ein pasning og den dett ned hos ein umarkert Martin. Han legg ballen til rette og avsluttar iskaldt med innside nede i hjørnet. Vi har snudd kampen og det er usedvanlig fortent. Avaldsnes utmerka seg ellers med svært mange etterslengar i duellane med våre gutar. Det oppfattast ikkje for oss som bevisst, bare det at dei heile tida var på etterskudd og kom litt for seint inn i dei fleste duellane. Dette kosta dei 2-3 gule kort (5 minutt ute) og det hadde ikkje vore noke og sagt på om dei hadde fått 5 slike til. Dei virka åpenbart ikkje vane med å møta eit så spelande lag som Trio framstod som.
 

 
 

Ein solid kamp av Trio-laget. Litt å gå på offensivt på siste tredjedel. Hadde vi vært på vårt beste der i dag, hadde vi tatt dette med 5 måls margin. Likevel: meget bra gutar - spesielt at dåke holder fast ved spelestilen. Daniel meinte før kamp på at han var 'litt tung i beina'. Lurer på koss dei beina er når dei er 'lette':-)). Imponerande kamp av kapteinen som var over alt, tapte knapt ein duell og la ned uttallige kilometer. I tillegg sentral i begge måla. Forsvaret er alt nevnt og keeperane våre Torstein og Alen var våkne og flinke til å møte og klarere det som slapp forbi forsvar. Kjekt å sjå Martin i nesten heil kamp igjen etter mykje skader. Viktige bidrag på måla i dag.
 

 
 

Om ei veke er det ut på busstur igjen til Haugalandet. Då er det eit Nord-lag i solid framgang resultatmessig vi skal opp mot.
 

 
 

Kampfakta, Avaldsnes Idrettsanlegg

G15, 2. div Rogaland

Avaldsnes - Trio 1-2 (1-1)

1-0 (1 min) - Avaldsnes

1-1 (25 min) - Daniel, str (Martin / Mads))

1-2 (48 min) - Martin (Daniel)

 

Trio sitt lag:

Torstein S. Olderkjær, Alen Foric, Isak Mo, Gaute Thorkildsen, Martin H. Arnesen, Brynjar H.Gjerding, Marcus N. Mathisen, Daniel Normann, Mads Jørgensen, Lars O. Larsen, Joakim Heimvik, Ole Martin Byrknes, Mathias Gjelseng, Simen Hellevik Lie, Tarmo Tars.

 
 

 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart