|
Gjekk tom for krefter | | | | | Det har vore tett kampprogram for 15-åringane den siste tida, og då spelarane også hadde sprunge SØRAL-løpet tidlegare på dagen, vart oppgjeret mot Solid i tøffaste laget. Solid er eitt av dei sterkaste laga i serien og vi hang med ein omgang, før kreftene tok slutt. | | |  | | Gaute gav alt på SØRAL-løpet, og sto over kveldens kamp. |
Vi tapte heile 12-0 i Sagvågen i vår for eit veldig sterkt Solidlag, så slik sett så var kveldens kamp eit stort framskritt, der vi hang mykje meir med spelemessig. I første omgang var vi solide defensivt og einaste baklengsmålet sørga vi mest for sjølve, då back gjorde det vanskeleg for eigen keeper. Framover hadde Sander (2) og Alex dei beste sjansane, men Solidkeeperen var nettopp det, Solid. | | |  | | Daniel imponerer med stor løpskraft for tida. |
Følgjeleg 0-1 midtvegs og vi prøvde å korrigere litt på midten, der raske og driblesterke Solidspelarar litt for enkelt tok seg forbi. Elles var vi godt nøgde med den defensive jobben, og framover var det berre å spele ballen litt tidlegare. ' Det fungerte ok første kvarteret av andre omgang, men så var det slutt på kreftene og det rann inn 3 mål på 5 minutt. Resten av kampen var vi kraftig på hælane. Det krev sin mann å springe SØRAL-løpet, særleg når ein gjev alt ein har. Daniel var vår bestemann og var nest raskast på heile ungdomsskulen med den råsterke tida 24.35 i ei tøff løype på 5,8 km. | | |  | | Espen slit framleis med ankelskade. |
Espen og Gaute var dei neste på lista, men ikkje i slag til å spele kamp på kvelden. Vi håpar Espen snart er klar igjen, etter å ha slite med ankelen i snart ein månad. Både løp og kamp i dag hadde ikkje gått, så den er framleis ikkje god. ' Simen hadde vår beste sjanse i andre omgang, men skaut utanfor då han kom heilt åleine gjennom. Elles var Tormod vår bestemann i dag. Men det endte altså 0-8, og no får vi samle krefter i nokre rolige dagar, før det er ny kamp om ei veke. Kampfakta frå KvednabekkjenG16: Trio4-Solid 0-8 (0-1) Mål etter 18, 55, 57, 60, 65, 66, 78 og 80 minutt. | | | Dommar: Martin Myrvold, Eikelandsfjorden | | | Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Yonas Debesay, Tarmo Tars, Alexander Johnsen, Mathias Gjelseng, Sander Dolonen Brækken, Ole Martin Byrknes, Mathias Grindheim, Daniel Sørtveit, Vegard Fausk, Tristan Fredlund, Vegar Teigen, Benjamin Skarveland, Simen Hellevik Lie. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |