
Dagens mål og dagens feiring. Haga banka inn 1-1 målet før pause. (foto:Rune Grønstøl)

Eivind T.Saghaug står klar. Det enda dessverre med eit tilbakespel.

Charter har sendt Trio i ledelsen.

Eirik gjer som Manel Neuer.

Straffe til Telavåg

Tony hadde god kontroll då han kom inn.
Lagoppstilling:
Eirik W. Eikeland
Eivind T. Saghaug, Simen Røssland, Åsmund Voster, Marius Myklebust
Dawit Kahsay, Håvard Haga
Roger Røssland, Simon Korttila, Georg Onasaka
Andreas Charter Røyrvik
Reserva
Halvard Enes, Simon Tewelde Gebreslasie, Tony Berge Fondevik, Vegard Røssland
Trio - Telavåg 3-2 (1-1)
0-1 (20min) Telavåg
1-1 (35min) Håvard Haga
2-1 (70min) Andreas Charter Røyrvik
2-2 (80min) Straffe Telavåg
3-2 (88min) Andreas Charter Røryvik
Trio har vore gode i haust og jakta sinn tredje siger for sesongen. Telavåg er framleis med i medaljestriden og er ikkje ein motstandar ein skal sjå lett på.
Trio starta best og kunne leda 2-0 etter bare 10 minutt då Andreas Charter fekk stå rimelig aleina ved to anledningar. Men skota hans sklei av foten og for enten til himmels eller til innkast. Etter 20 minutt var Telavåg på ein sjelden visitt foran Triomålet. Fra 25 meter klemte Telavåg av eit skot som fekk ein vanskelig stuss i graset. Det var nok til å vippa Eirik i mål av pinnen og Telavåg leda dermed 1-0.
Trio jaga på for ei utlikning før pause og det fekk dei då Simon Korttila var på fart fram. Han fant Haga på 25 meter som tok med seg ballen nokre meter. Han finta av ein Telavåg spelar før han drog seg inn mot midten. Fra ca 16-17 meter la han ballen oppe i venstre kryss. 1-1! Feiring kunne han godt ha jobba litt med men målet var av den fine sorten.
Meir skjedde ikkje før pause og laga kunne ta seg ein liten pust i bakken og legga ein slagplan for 2.omgang. Kampen hadde bølga fram og tilbake med eit lite overtak til Trio. Det var store rom på midtbanen og ballen havna sjeldan inne i kvarandre sine 16-metra.
Trio starta andre omgang best og viste fine kombinasjonar på midtbane og i angrep. Forsvaret og keeperen vår hamla opp med det som kom og ein følte seg ikkje særleg trua av det Telavåg hadde å by på.
I det 70 minutt varta Trio opp med flott fotball. Det var mange Triospelera som var innom ballen på venstresida før Charter mottok ballen på ca 18 meter. Med 2 mann i ryggen og med nasa mot eget mål, brukte charter alle sine krefter på å halda motstanderane vekke. Han gjorde eit rykk mot høgre før han vendte kjapt mot venstre. Og i det han vendte vekk 2 mann så banka han ballen hardt i mål. 2-1! Ei flott scoring av Charter.
Trio var det førande laget og hadde mange sjansar. Men i det 80. minutt mista Trio ballen på veg framover og Telavåg satte fart mot Trio-målet. Trio rygga og rygga og då Telavåg var komt inn i vår 16 meter så blei han lagt i bakken av Simon Tewelde som hadde komt inn 10 minuttar før for Trioveteran Roger Røssland. Fra tribuneplass så såg det ut som ei riktig avgjerlse. Straffen satte Telavåg sikkert i mål og det stod no 2-2 med bare 10 minuttar igjen.
1 poeng var ikkje aktuelt for Trio og frå benken skreik Aleksander Ekeland seg heilt hås. Han skulle ha 3 poeng. Og det såg svært lovande ut då Charter nok ein gong fekk ballen på ca 18 meter. Denne gongen hadde han tre mann i ryggen. Men Telavåg var trøtte i beina og klarte ikkje å følga med då Charter brukte farten sin. Han skar ut mot høgre og skaut ballen i motsatt hjørne. Telavåg keeper rakk ikkje å reagera og jubelbrøla fra Triospelerane bare bekrefta at Trio nok ein gong leda kampen.
Med 3 minutt igjen av kampen satte Telavåg ein voldsom sluttspurt. Først hadde dei muligheten fra venstresida men skotet gjekk hardt utanfor. Så 3 minutt på overtid fekk dei alle sjansars mor då ein passning sneisa luggen til Vegard Røssland og fant ein Telvågspelar som var på veg inn i 16 meteren. Eirik Eikeland rusha ut og Telavåg spelaren chippa ballen over han. Heile situasjonen gjekk i sakte film og ballen seilte sakte men sikkert mot mål. Skulle Telavåg utlikna nok ein gong!? Nei!! Ballen for over tverrliggaren og heile Husnes stadion kunne pusta letta ut. Dommaren bles av kampen lika etterpå og Trio tok årets 3 siger.
-Henrik L. Røssland-