|
Kjempekamp av G15 i Haugesund! |  | Storseier i Haugesund etter kanonkamp |
| | G15: Nord - Trio 1-7 Trio sitt lag i G15 Rogaland tok også denne vekaturen til Haugesund i Trio bussen. Med kyndig sjåfør i Svein Jarle Mo var det god stemning i bussen og vi var igjen 15 spelarar klare for å bidra. 9 stk 14-åringar, 1 stk 12-åring og 5 stk 15-åringar. Emil spelte G12, Marcus sjuk og Tor Øyvind skada. Kampen vart spelt i varmt September-vær, men varmen plaga ikkje våre gutar i det heile. Dei spelte ein utrulig god fotballkamp og vann heile 7-1 mot formlaget frå Norheim. | |  | 3 mål og svært god 1. omgang av Mads |
Gameplan var «enkel» – tett og strukturert forsvarsspel der vi nektar motstandar rom. Tålmodighet med ball, ikkje gje den vekk unødig når vi hadde vunne den. Tålmodige spissar som ikkje skulle møte for tidlig i rom. Få Daniel i spel sentralt føre forsvaret etter oppspel på spiss. | |  | Svært god kamp av Tarmo |
Det er eit eventyr å sjå kor gutane følger plan – og å sjå kor god fotball dei viser. Allerede etter 2 minutt kjem dagens flottaste angrep. Igangsetting på Isak venstre. Oppspel på Martin som har komt seg fri frå stoppar i rommet vi ville angripe. Presis gjenlegging på ein touch fra Martin til Daniel. Han får kjapt kontroll og ser at Mads har starta på høgrekanten og pasningen kjem perfekt mellom stoppar og back. Kontrollert avslutning i hjørnet av Mads. Perfekt! 15 minutt seinare ser vi nesten ein kopi av det flotte 1-0 målet. Kjappe, presise kombinasjonar der Brynjar finn Daniel sentralt og han ser igjen Mads på hugget høgre. Like presis utførelse i siste fase igjen, 2-0! Midtvegs i omgangen jobbar Lars heimover på egen halvdel og er tidleg føre motspelar. Fløyta kjem og vi skal til å flytta laget opp. Problemet er at dommar dømmer frispark til Nord (?!). Vi har fortsatt litt å gå på i forhold til dødball i mot (men har tatt gode steg her og i haust). Nord får sjansen i boksen etter litt fram og tilbake og plutselig ligg ballen i nota og redusering til 1-2. Resten av omgangen er relativt sett den svakaste delen av kampen for Trio-gutane og det er nokolunde jevnt til 5 minutt gjenstår. Brynjar sender då høgrebacken til Nord «i pølsebua» med ein flott overstegsfinte på venstrekanten ned mot dødlinja. Mads er ikkje ferdig for dagen og får eit presist legg fra Brynjar sin venstrefot på bakre stolpe og breidsidar inn sitt tredje for dagen, 3-1 til oss etter nok eit vakkert mål! | |  | 2 mål og 2 assist på Daniel |
I pausen får gutane masse skryt og anmodning om et par hakk opp på fokus og ansvar på dødball i mot. | |  | Isak og Martin nøgde etter god kamp |
I 2. omgang er vi gjennomført SVÆRT GODE! Nord skapar ingenting på oss og vi dominerer totalt med god struktur bakover og svært god presisjon i pasningsspelet framover. Vi punkterer kampen definitivt med 4-1 på eit flott gjennomløp frå Daniel. Godt forarbeid av Tarmo og Lars. Samson spelte spiss i 2. omgangt og satte det femte etter innlegg frå Mads på første stolpe, 5-1. Godt gjort av Samson å få den i hjørnet! Daniel gir seg for dagen etter å ha ordna 6-1 på eit nytt gjennomløp med ein fin flikk frå Samson og eit par kjappe dragningar. Ny kamp onsdag for Daniel med G16-1 mot Os, greit å spare litt til det og tidlig kvile i dag. Tarmo sett prikken over i'en med eit kanonskudd etter at Simen hadde dratt et par tunellar i forkant. | | Ein svært godt gjennomført kamp av LAGET. Truleg beste 11ar kampen til dato. Alle gjer ein svært god kamp, men den sentrale midtbanen vår er i dag 'outstanding'. Tarmo gjer ein formidabel jobb defensivt og det frigjer energi for Daniel i det offensive. 2 mål og 2 strøkne assist på lysluggen i dag den timen han var på banen. Kjekt og å sjå spissane Lars og Martin ta oppgåva med å skapa meir rom for seg sjølv og Daniel og komma i mot i samme rommet 'seinare'. Dette fekk dei til frå start og angrepsspelet blei mykje meir dynamisk med ein gong. Super 1. omgang av Mads med 3 flotte mål. | | No gjenstår 4 kampar av sesongen, 3 av desse går på Husnes. Neste utfordring blir Vedavåg/Karmøy torsdag 22/9 på Kvednabekkjen. | | Kampfakta, G15 - 2. div Rogaland Nord kunstgressbane, Norheim Nord – Trio 1-7 (1-3) 0-1 (2 min) - Mads (Daniel) 0-2 (17 min) - Mads (Daniel) 1-2 (22 min) - Nord 1-3 (37 min) - Mads (Brynjar) 1-4 (45 min) - Daniel (Lars) 1-5 (52 min) - Samson (Mads) 1-6 (60 min) - Daniel (Samson) 1-7 (75 min) - Tarmo (Simen) | | Trio sitt lag: Torstein S. Olderkjær, Isak Mo, Magnus Tera, Martin H.Arnesen, Brynjar H. Gjerding, Daniel Normann, Mads Jørgensen, Lars O. Larsen,Joakim Heimvik, Alen Foric, Ole Martin Byrknes, Tarmo Tars, Mathias Gjelseng,Simen Hellevik Lie, Samson Uppheim. | | | | Per Einar:-) | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |