|
Luguber kamp i Rosendal | | | | | G16: Rosendal-Trio4 7-1. 15-åringane viste altfor liten vilje til å by sterke Rosendal kamp torsdag kveld. Vi bør vera kapable til å spele jamnt med slike lag, men då må det ei heilt anna innstilling til. Det hjelper lite at vi spelar uavgjort i ein heiderleg andreomgang når kampen er ettertrykkjeleg avgjort før pause. | | | Rosendal gjekk ut med stor aggresivitet og høgt press, men også vi ønskte å ta tak i kampen frå start av og klarte å stå i mot og gje dei kamp i starten. Ein ball i bakrom etter feilberegning gav 1-0 tidleg, men elles sto vi godt i mot første kvarteret. Vi hadde også eit par gode moglegheiter til overgangar, som vi ikkje nytta då ballen vart spelt for seint på kant.
| | |  | | Sander D var vår bestemann. |
Men då 2-0 kom litt på same vis som det første, datt vi meir eller mindre i hop og leverte ein elendig prestasjon resten av omgangen. Så lite vilje, tenning, og ønskje om å gjere kvarandre gode som det vi leverer då, er ikkje eit lokaloppgjer verdig. Rosendal er eit solid lag, men det er vi som gjer dei veldig gode i dag. Kun Sander D kunne gå til pause med nokolunde rak rygg, han gjekk føre utan at nokon andre hang seg på.
| | |  | | Solid innhopp av Yonas. |
Vi hevar oss etter pause og spelar 1-1 i andre omgang, men det betyr ikkje så mykje når heilskapsinntrykket allereie var skralt. Vi får ta med oss at Samson hadde to store sjansar med skot over etter framspel frå Sander D, at Sander V hadde ein kjempesjanse på corner og at Samson klarte å presse fram eit sjølvmål på tampen. Sander D var den einaste som leverte til godkjent i dag, utanom Yonas, som hadde eit godt innhopp i andre omgang.
| | | Så får vi stikke fingeren i oss sjølv og ta oss i nakken til neste kamp. Samt slutte å foreslå andre posisjonar enn det trenaren ber om midt når vi er på kamp. Kampfakta frå Rosendal kunstgrasRosendal-Trio4 7-1 (6-0) Heimemål etter 8, 16, 18, 21, 25, 27 og 60 minutt. 7-1 (78 minutt) sjølvmål
| | | Dommar: Steinar Sæther, Odda
| | | Trio sitt lag: Vegar Teigen, Gaute Thorkildsen (Vegard Fausk frå 50 minutt), Sander Eik Vevik, Espen Aakre Sjo (Jonas Teigen frå 40 minutt), Ole Martin Byrknes, Sander Dolonen Brækken, Tarmo Tars, Mathias Grindheim, Mathias Gjelseng, Samson Nyrud Uppheim, Benjamin Skarveland (Yonas Debesay frå 40 minutt).
| | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |