|
Mangla uttelling | | | | | G16: Trio/Halsnøy2-Stord2 0-6. Resultatet fortel ikkje så mykje om kampen, som var heilt jamnspelt til dei siste 20 minutta. Då hadde heimelaget brent 4 store sjansar til å utlikne, medan bortelaget i staden for dobla leiinga. Med det gjekk lufta ut av Trio/Halsnøy. | | | Stord starta friskast og skapte nokre sjansar ved å kome rundt på si høgreside. Allereie etter fem minutt scora dei også førsteomgangens einaste mål på den måten. Sidan jamna det seg ut og vart heller sjansefattig i begge endar. Marcus hadde to gode tilbod som han ikkje fekk full dreis på og Mathias heada utanfor på corner. Men 0-1 sto seg midtvegs. | | |  | | Vebjørn, utespelar på toarlaget, var banens beste. |
Frå starten på andre omgang sette Trio/Halsnøy inn eit trykk og hadde fleire gode sjansar. Både Tristan og Vebjørn hadde to susarar på halv volley, men Stordkeeperen imponerte med flotte redningar. Så rulla Sindre fri Tristan, som ikkje fekk dreis på skotet, og like etter kom den aller største sjansen av alle. Vebjørn braut høgt i banen og spelte fri Sindre, som diverre skaut i nettveggen. Her skulle verkeleg heimelaget fått både utlikning og leiarmål. | | | Men utteljing vart det ikkje og i staden gjekk Stord opp i 0-2 på ein overgang midt i omgangen. Det var meir enn moralen til heimelaget tålte og laget datt meir eller mindre i fisk i varmen på Kvednabekkjen. Stord på si side fekk tenning og rulla over heimelaget siste kvarteret. Nye 4 ballar hamna i heimemålet og til slutt sto det heile 0-6. Fortent bortesiger til slutt, men resultatet hadde nok blitt eit heilt anna hadde uttellinga vore betre. | | | No ventar bortekamp på Bremnes på torsdag, før det ber til Haugesund og Regy Cup til helga. Kampfakta frå KvednabekkjenG16: Trio/Halsnøy2-Stord2 0-6 (0-1) Mål etter 5, 59, 66, 70, 76 og 77 minutt. | | | Dommar: Svein Arild Kjærland, Uskedal. Eitt gult til Stord. | | | Trio/Halsnøy sitt lag: Sindre Lemicka Brix, Håvard Hope, Sander Eik Vevik, Alexander Johnsen, Oliver Lygresten, Mathias Grindheim, Sander Torget, Tristan Andre Fredlund, Sebastian Blom, Sindre Benjaminson, Marcus Størksen, Tommy Heimvik, Vebjørn Røssland, Mads Olsen. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |