Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

G-13 Gneist 3 - Trio 1-6

Klikk på bilete for full storleik
Første 3 poengaren i 1.div.
 
Ny bortekamp i Bergen på ein søndag, Spørsmålet var om gutane var skikkeleg tent og om me kunne klare å levere ein god forestilling i 1.divisjon?
 
Klikk på bilete for full storleik
3 mål på Emil i Bergen
Avreise frå Triohuse kl.09.30. Alle gutane stiller og det ser bra ut. Kamp mot Gneist på Hjellestad Kunstgrasbane, difor reiser me via Venjaneset i dag.

Oppvarminga går fint og me ser fram til at kampen skal starte, det manglar berre ein liten, men viktig person, dommaren. Han er meldt an kommen kl.14.30, altså når kampen skal starte. Han kjem 14.32.
Kampen startar og det ser ut til at gutane er på i frå start, det er kjekt for det treng laget no. Etter 12 minuttar så startar Emil sitt eige vetle skoringsshow. I løpet av 4 min lagar han like godt ekte hattrick. I bussen heim lurer han på kvifor han ikkje fekke ballen til odel og eige.

Etter 23 min. får me straffe i mot oss. Ballen sprett opp i handa til Nicolas og dommaren meiner at dette kvalifiserer til straffe. Andreas i mål er berre millimeterane i frå å redde skuddet som går via han og i mål. Nett då føler me oss veldig urettferdig behandla, men det er lite å gjere med det, eller?  
Gutane svarar på beste tenkjelege måte. Sondre legg på til 4-1 etter 26 min før Isak lagar omgangens siste mål i det 28 og det står 5-1 til pause.

Då har me lagt bak oss ein særdeles innhaldsrik omgang  der dommaren, sett med mine auger, gjorde sitt beste for å komme i fokus. 3 gule kort til Trio og 2 til Gneist i ein kamp som ikkje var på nokon måte stygg.

Erlend fekk 2 stk og for det vart han belønna med rødt kort og ein tidleg dusj. Eg sjølv fekk beskjed om at eg stod på feil side av midtstreken og måtte flytte meg over til den andre banehalvdelen.

I pausen vert me einige om at me skal fortsetje å spele ballen og gjere ting enkelt. Fleire av spelarane er klar for lenger pause så det vert gjort 3 bytter i pausen. Keeper flankespelarane vert bytta ut.

2.omgangen vert ikkje lkke innhaldsrik som den 1. var, heldigvis, kanskje.
Gutane gjer ting enkelt og vel fornuftige løysingar i trange posisjonar. Ballen vert spelt tidleg og me er meir kyniske i pressa situasjonar, det er bra.
Omgangen vert avslutta med at Isak fastset sluttresultatet til 6-1 i kampens siste minutt. 
 
Dette var ein prestasjon som de kan vere stolt over gutar. Dei 3 fyrste poenga i 1.divisjon er eit faktum. No er det berre å fortsetje  å jobbe like hardt i dei neste kampane så er eg heilt sikker på at det kjem fleire.  Ballen må spelast tidleg og bevegelsane må opp så kjem resultata som i dag. Respekten for at det er 1.divisjon kan hermed leggjast rett ned i skuffen og forhåpentlegvis gløymast.

Laget i dag, Andreas (Vetle i 2 omgang), Henning, Erlend, Vegard J, Sondre, Isak, Brynjar, Nicolas, Emil, Cristian, Margus og Mats.

 
Klikk på bilete for full storleik
2 mål på Isak
Eivind N.
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott kam av Brynjar
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart