Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Opp og nedturar for Trio J12

Vi har den seinare tid hatt tre kampar med jenter 12 laget til Trio, først mot Uskedalen så mot Rosendal og til sist mot Ternen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Peptalk i pausen

J12 - Uskedalen - Trio 7-1
Første kamp mot Uskedal var eit stort steg tilbake i forhold til kva vi har fokus på og kva vi trener på, kampen gjekk på Heio grasbane, som for øvrig ikkje var slått på ei stund, og dette gjer det litt vanskelig når jentene ikkje er vant med å spela på gras. Utover det vart det meste av det vi har vore så gode på gløymt med ein gong fløyta gjekk. Uskedalen spelte ein svært god kamp, det skal seiast, og var aggresive i presset slik at jentene våre fekk liten tid på seg kvar gong dei fekk ballen. Dette gjer at vi, i staden for å spele fotball, sparkar ballen framover på lykke og fromme og får angrep på angrep mot oss og då blir det vanskelig. På første trening etter denne kampen er vi alle enige om at den raskt skal gå i gløymeboka og at vi igjen skal «finna oss sjølve».  


J12 - Trio - Rosendal Kvit 0-1
Mot Rosendal heime på Kvednabekkjen viste jentene seg igjen frå si beste side, dei spelte ein svært god førsteomgong med mykje spel og gode bevegelsar. Dei er flinke å halde bredde i laget slik at dei skapar mykje rom for kvarandre. I tillegg er jentene etter kvart blitt svært flinke å roe ned når dei har ball og finne kvarandre med gode pasningar.  Vi er flinke å spele oss ut av forsvar og når vi i tillegg er flinke å halde bredden i spelet skapar vi mykje. Men mot spelets gong klarerer Rosendal ein lang ball framover, det ser lenge ut til at ballen skal gå heilt inn til keeper men ein Rosedalspelar har sneket seg frå oppassaren og får tåa på ballen rett før keeper skal ta den. Vi fortsett det gode spelet utover omgongen og inn i andre men etter kvart kjem Rosendal meir med og det blir ein jamn og spennande kamp til siste slutt. Det eine målet i første omgong blir det einaste. Sjølv om vi taper denne kampen, skal jentene være veldig fornøgde med eigen prestasjon, spesielt korleis dei hevar seg frå Uskedalskampen bare nokre dagar tidligare.

J12 - Ternen - Trio 1-2
I siste kamp, borte mot Ternen, speler vi vår beste kamp for året. Spesielt i første omgong er jentene ekstremt flinke i pasningsspelet, vi held bredden godt og får mykje rom å spela i. Når vi så er eksepsjonelt flinke på å snu spelet, skapar vi mange sjansar.
Men som i kampen mot Rosendal får vi ei lang klarering mot oss der vi misser på markeringa og Ternen går i leiinga på den einaste sjansen dei har i omgongen. Utover dette har vi full kontroll i forsvar. Framover er det som tidligare nevnt svært bra, begge kantane held bredde og vi er flinke å snu spelet frå side til side. Dette gir oss mykje rom å spele i og sjansane kjem på rekke og rad. Etter mange sjansar og særs godt spel får vi endelig hol på byllen og Cecilie kan sette ei velfortjent utlikning i mål. Dette resultatet står seg til pause og jentene kan ta seg ein velfortjent kvil etter ein omgong det lukta svidd av.
 
I andre omgong starter vi som i første og speler svært godt, keeper Wiktoria får seg ein skade i ein finger og må byttast ut. Margrethe tar ansvar og melder seg frivillig til å erstatta Wiktoria og fullfører kampen plettfritt. Dette er strålande Margrethe!
Vi fortsetter spelet vårt og presser Ternen stort sett gjennom heile omgongen, vi skapar mange sjansar no og etter ca halvspelt omgong får vi endelig målet som gir oss ledelse. June Marie riv seg laus og fyrer av eit skot som går uttakbart til side for keeper og i mål. Mot slutten av omgongen får Ternen eit lite overtak når dei jaktar utlikning og pressar oss bakover på banen. Vi legg litt om på taktikken og flyttar eine midtbanespelaren ned i forsvar slik at vi no er tre bak. Dette gjer at sjølv om Ternen har mykje ball på vår halvdel klarar dei ikkje å skapa noke særlig med sjansar og vi rir av stormen og kasserer ein velfortent seier.
Klikk på bilete for full storleik
Cecilie leverte varene mot Ternen
Ein strålande gjennomført fotballkamp av jentene, som tidligare nevnt vår beste nokon sinne. 
 
Tekst:  Bjørn B.Mathisen (trenar)
 
Klikk på bilete for full storleik
Bra samarbeid i forsvaret i dag, mellom Aurora og Ingeborg.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ein solid gjeng!
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart