Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tøff kamp mot Goliat

G16: Trio4-Fitjar 0-10. Det skulle vera rått parti når sterke Fitjar kom på besøk. Medan vi er reint 15-årslag, mønstrar Fitjar ein robust gjeng der 10 av spelarane spelar fast med juniorlaget. 4 av dei vi møtte var sågar med i sist A-kamp for fitjarbuane.
 
Vi sto godt i mot i første 25 minutta, men det merkast gradvis at det vart mykje springing og siste kvarteret hang vi ikkje med. I tillegg til å vera sterke og raske, var også Fitjar godt taktisk skulert. Der sleit vi meir og klarte ikkje å korrigere for etter kvart mange ballar i bakrommet. Dermed 5 baklengs siste kvarteret og 0-5 midtvegs.
 
Vi gjorde nokre justeringar i pausen og snakka om å demme opp for løpa i bakrommet. I ein lang periode av andre omgang klarte vi det mykje betre igjen. Det kom to baklengs, men likevel såg andreomgangen heiderleg ut, inntil det var slutt på kreftene på tampen. Tre nye baklengs siste fem minutta og dermed 0-10 til slutt. Hardbart.
 
Vi kjem sterkare igjen. Cup i Haugesund til helga, og lang bortetur til Trio/Halsnøy 2 torsdag om ei veke :)

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio4-Fitjar 0-10 (0-5)
Mål etter: 24, 29, 32, 34, 38, 45, 53, 77, 79 og 80 minutt.
 
Dommar: Miomir Milenkovic

Trio sitt lag:
Tormod Sund Vårdal (Vegar Teigen frå 40 minutt), Mathias Gjelseng, Simen Hellevik Lie (Jonas Teigen frå 40 minutt), Tarmo Tars, Espen Aakre Sjo, Sander Dolonen Brækken, Ole Martin Byrknes, Gaute Thorkildsen, Vegard Fausk (Yonas Debesay frå 40 minutt), Benjamin Skarveland (Samson Nyrud Uppheim frå 55 minutt), Edvin Vågen Bjørgvik.

- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart