Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Fjerde strake for G15-laget

Klikk på bilete for full storleik
4 strake sigrar for G15-laget
 
G15: Trio - Vedavåg Karmøy 3-1
Vi var litt spente på kva som møtte oss i dagens kamp då Vedavåg har slitt litt med å stilla like slagkraftig i haust som dei gjorde i vår. Dei klarte heldigvis å stilla eit godt lag mot oss med samme spelarane som vi møtte i vår. Vi hadde på vår side mindre spelarar på heimekamp enn bortekampane i det siste (?!), med Tor Øyvind, Alen og Magnus ute av spel og 2001-gutane litt på felgen etter ei svært hektisk veke. Vi kom under 0-1 tidlig, men snudde igjen og vann til slutt kontrollert 3-1 i ein middels bra kamp av gutane.
 
Klikk på bilete for full storleik
Servitør Daniel med hattrick i assists

Vi kom frå 2 svært gode bortekampar i Haugesund. Målet var å bygga vidare på det vi gjorde bra i desse kampane. Kampen begynnar på verst tenkelige måte for oss. Etter 4 minutt gjer Mads ein kjempejobb som høgrekant med eit suverent returløp inn i egen 16-meter. Men Mads er svært hurtig og det kan vera vanskelig å kontrollera touchen i så stor fart. Pasningen til Torstein blei litt hardare enn planlagt og plutselig var vi under 0-1. Mads får kun masse skryt frå sidelinja for returløpet og han skal få sin revansje seinare i kampen. Bortimot rett frå nytt avspark får Daniel tid og rom med ball. Han ser Isak ledig på venstrekanten og sender 12-åringen gjennom med ein presis pasning. Isak er kald og rolig og sett ballen kontrollert til sides for ein utrusande keeper. 1-1 og vi er like langt etter 5 min. Daniel er i servitør-form i dag og kort tid etter er det på høgresida det skjer. Mads blir spelt fri av kapteinen vår og er like sikker som forrige veke mot Nord. Innsidepasning nede ved stolpen er ikkje lett å redda for keeper:-). Resten av omgangen maler vi på og produserer nok av sjanser framover og har bra kontroll bakover. Klarer ikkje holde samme kvalitet som forrige kamp, men finspelet kjem meir i periodar. Innimellom blir vi litt redd for duellar og dei store karmøybuane. Då feier vi ballen av gårde i staden for å ta den ned og starte spel. Fortent 2-1 til oss til pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
1 mål og god kamp av Isak

Simen kjem inn for Tarmo i 2. omgang. 2001-gutane har tett kampprogram for tida og deler litt på jobben i dag. Dei to leverer kvar sin god omgang som midtstoppar med Joakim. Omgangen er ikkje meir enn 30 sekund gammal når vi klarar å komma fri nede på venstresida nesten på dødlinja. Daniel er der (og) og ser Mads fri på bakerste. Ferdigscora pasning kjem og Mads sett nummer 2 for dagen og perfekt start på 2. omgang. Kanskje trudde vi jobben var gjort med 3-1 målet, men i kombinasjon med nye folk i forsvar kom i alle fall no ein 10-minuttars periode der bortelaget er klart bedre enn oss og vi manglar fullstendig struktur bakover. Vedavåg har 2 store sjansar i denne perioden, den eine stryk borti stolpen til Torstein. Dette virkar å vekka gutane igjen. Vi får meir orden på organisering igjen og er best siste 20-25 minutta. Ballen går hurtig og presist då og vi har nok sjanser til å auke. Vi savnar frå sidelinja skudd i enkelte situasjonar der vi velger ein ekstra pasning. 

 
Klikk på bilete for full storleik
Solid kamp av midtstoppar Joakim

Ser vi vekk frå den dårlige perioden tidlig i andre omgang leverer gutane ein bra gjennomført kamp. Ikkje på nivå med Nord-kampen sist, men jevnt bra og vinn fullt fortent. Dei som viste seg mest fram i dag var Daniel, Isak, Mathias og Joakim.

 
Klikk på bilete for full storleik
2 mål på lynvingen Mads i dag

No ser vi fram til 'lokaloppgjer' mot Bremnes på heimebane kommande tirsdag. Bremnes er i dytten som oss og slo Åkra 3-1 denne runden. Det bør bli ein jevn og god kamp der vinnaren vil vera favoritt til 3. plassen i pulja ved sesongslutt.

 

Kampfakta, 2. div Rogaland

Kvednabekkjen

Trio - Vedavåg Karmøy 3-1 (2-1)

0-1 (4min) - Vedavåg

1-1 (5 min) - Isak (Daniel)

2-1 (14 min) - Mads (Daniel)

3-1 (41 min) - Mads (Daniel)

 

Trio sitt lag:

Torstein S. Olderkjær, Isak Mo, Martin H.Arnesen, Brynjar H. Gjerding, Daniel Normann, Mads Jørgensen, Marcus N. Mathisen, Lars O. Larsen, Joakim Heimvik, Alen Foric, Emil Voster, Tarmo Tars, Mathias Gjelseng, Simen Hellevik Lie.

 

Tore & Per Einar

 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart