|
Husnes Cup 2016: Takk for innsatsen |  | | Gneist mot Trio. |
| | | | Fotballgruppa i Trio ønskjer å takke alle involverte i Husnes Cup 2016, som gjekk av stabelen helga etter skulestart. Det vart eit særs vellukka arrangement, med suveren deltakarrekord, strålande ver og blide menneskjer i alle retningar ein såg. | | | Vi har fått mykje ros frå deltakande lag og tilskodarar, og ønskjer med dette å vidarebringe det til alle dei som gjorde ein innsats. Vi vil også takke bedriftene som har støtta Husnes Cup, samt skulane vi har fått bruke til innkvartering.
| | |  | | Gutane frå Djerv 1919 hjelper ein skada kompis. |
Cupen vart arrangert for 16.året på rad og har blitt meir enn dobbelt så stor sidan første gongen, som var i 2001. På dei fem siste åra har cupen hatt ei rivande utvikling og auka både i antal lag, deltakarar, overnattande og kampar med over 60 %. Med 69 deltakande lag og godt over 600 spelarar frå heile Hordaland og Haugalandet i aksjon, er turneringa blitt ein anerkjent og populær cup, som mange klubbar nyttar fast som første overnattingsturnering for sine lag i klassane 10-12 år.
| | |  | | God stemning i opptoget. |
For oss som klubb er det også eit veldig stort løft, der vi treng at alle laga, så vel spelarar som foreldre, bidreg for at alle hjul skal gå rundt. Vi reknar at vi i løpet av turneringshelga inkludert klargjering og rydding har vel 250 arbeidsøkter, der meir enn 150 personar bidreg i større eller mindre grad. I tillegg til å vera eit sportsleg høgdepunkt er dette for fotballgruppa også det klart viktigaste arrangementet økonomisk sett. Overskotet frå cupen er eit tungt og viktig bidrag for at vi skal klare å drive klubben med det aktivitetsnivået vi har.
| | |  | | Quizvinnarar. |
Trio Fotball er allereie i ferd med å starte førebuing med tanke på neste års cup. Vi ønskjer å auke talet på personar som er involvert i planleggingsarbeidet, for å gjere cupen meir robust, og mindre avhengig av einskildpersonar. Vi har oppgåver både rundt det sportslege, utstyr, organisering, kiosk, matservering for dei mange tilreisande, opptog og aktiviteter rundt cupen, innkvartering og anna. Vi føler sjølve vi har eit veldrive godt konsept som blir sett stor pris på av deltakarane, men samstundes er det også mange ting som kan forbetrast, utviklast eller leggast til. Førebuingane og sjølve arrangementet er både kjekt og sosialt, og om nokon ønskjer å vera med, er det berre å ta kontakt.
| | | Tusen takk for hjelpa, Husnes Cup-gruppa i Trio Fotball | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |