
Flott kamp av Vegard

Flott mål av Henning.

God kamp av Andreas
Svaret kom ganske kjapt. Trio starta kampen slik som me har avtalt at me skal spele fotball. Ballen vert halde på bakken og me klarer å spele ball. Me får ein kjempestart då det vert straffe til oss etter ein felling av Emil i kampens første minutt. Emil tek sjølv straffen og han gjer ingen feil. 1-0 etter berre 1 minutts spel. Dette kan kanskje bli ein kjekk dag?
Me får 2-0 etter 8 min på eit fint raid frå Sondre. 3-0 kjem etter 18 minutt og denne gangen er det Emil som lagar målet vårt.
Det står då 3-0 til pause. Eit resultat som me kunne vere veldig fornøgd med sett på bakgrunn av at dei hadde 2 skot som small i aluminiumen bak Andreas i løpet av omgangen.
2.omgang startar med eit lite overtak til gjestene. Me slår litt for mykje langt og får ikkje heilt til å spele ballen slik som me ønskjer. Presset frå Fana er betre i denne omgangen og dei eig meir ballen. Dette gjev seg også utslag i at dei lagar eit mål. Det kjem etter 8 minuttar og då lurer me litt på om kampen skal snu.
Det gjer den ikkje. Etter 14 minuttar får me eit frispark påca 20m. Henning får beskjed om å prøve seg på eit skudd og det meistrar han på ein formidabel måte. Han treff reint og ballen formeleg fyk inn i mål og det står 4-1. Då er kampen i realiteten avgjort. Fana ramlar litt meir i hop og skapar lite eller ingen ting etter dette. Sondre fastset sluttresultatet til 5-1 i det 32 minuttet.
Dette var ein bra kamp i frå vår side. Laget presterer betre for kvar kamp og det er bra. Me er vorte avhengig av låne spelarar for å få spelarkabalen til å gå opp. Me får lite eller ingen samhandlingstrening utanom kampane og det er ikkje heilt optimalt. I dag så har me med oss 5 G-12 gutar i tillegg til Nicolas som også er G-12. I delar av kampen så består laget av 5G-12 gutar og dette tatt i betraktning så er denne prestasjonen svært bra. Fleire av desse G-12gutane held eit godt nivå og dei er flinke til å spele fotball slik som me øver på.
Laget i dag: Andreas, Mats, Henning, Vegard, Sondre, Brynjar, Isak, Nicolas, Emil, Margus, Christian, Vetle, Anders Olai og Lukas.