Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Kvednabekkjen ferdig til 17. mai?

Fredag vart innspurtsplanen for bygging av Kvednabekkjen kunstgrasbane lagd. Går alt som vi trur, vil banedekket vera klart til bruk før 17. mai. Men, det krev brukande temperatur og opphaldsver.
 
Klikk på bildet for full størrelse
Det skal byggjast ny tribune mot grusbanen. Tribunen skal byggjast i tre og vera tett, slik som vist på bilete.

Natursteinmuren og den støypte ringmuren er ferdig. Rett over påske startar utlegging av pukklaget. Deretter skal det leggjast 10 cm fin sand som underlag for kunstgraset.

 

Kunstgraset kjem til Husnes rett etter påske, men utlegging vil først ta til første veka i mai. Det er legging av kunstdekket og ifylling av fin sand oppi graset som er veravhengig. For å lima graset i skøytane må det minimum vera 8 plussgrader. Når den fine sanden skal jobbast ned i kunstgraset, må det vera opphaldsver, elles vil sanden klabba og vera uråd å leggja ut.

 

Utanom ferdigstilling av sjølve speleflata, skal det lagast ny tribune mellom natursteinmurane på sida mot grusbanen. Det skal og setjast opp gjerde på kortsida mot Røssland og på langsida mot Myrane barnehage. I tillegg skal det asfalterast ein del, mellom anna skal vegen ned på banen asfalterst. P-plassen ved Myrane Barnehage skal ferdigstillast ved å asfaltera inn til murane langs plassen.
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart