Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

God innsats på Regy Cup

Klikk på bilete for full storleik
G15-gjengen som deltok på Regy Cup. Bak frå venstre Edvin Vågen Bjørgvik, Simen hellevik Lie, Tarmo Tars, Marcus Nilsen Mathisen, Espen Aakre Sjo, Samson Nyrud Uppheim. Framme Daniel Sørtveit, Ole Martin Byrknes, Yonas Debesay, Mathias Gjelseng, Vegard Fausk, Sander Dolonen Brækken. Framme keeper Jonas Teigen. Gaute Thorkildsen var ikkje med på biletet.
 
2001-modellane som i haust heiter Trio 4 og spelar i G16-klassen, deltok i helga i klasse G15 på Regy Cup i Haugesund. Det er som alltid ei kjekk turnering og sportsleg gjorde vi det godt med 2.plass i gruppa og exit i kvartfinale i A-sluttspelet.
 
Klikk på bilete for full storleik
Hektisk helg...

Medan vi på Trio 4 var greitt med folk på cup, vart G16-2 litt få grunna skadeforfall. Det løyste vi med godt samarbeid og vi lånte ut ein gut til kvar av dei første kampane inntil G16 fekk ein til med laurdags ettermiddagen. Sidan dette innebar at ein gjekk glipp av ein av våre eigne kampar, så var det ekstra flott at Gaute og Edvin stilte opp kvar sin gong. Her tenkjer vi klubb like mykje som lag. (På torsdag skal desse to laga møtest til seriekamp i 16-årsklassen. Då er vi rivalar! :)

 
Klikk på bilete for full storleik
Oppvarming.

Så over til kampane. Vi opna laurdag formiddag med tur til Haugar sitt fine anlegg på Sakkestad og dyst mot Austevoll. Etter ei god natts søvn der det vart stilt før midnatt, var vi i godt slag. Etter ein litt vimsete start, tok vi tak i kampen. Vingane våre, Vegard og Daniel, kom til fleire sjansar utan å lukkast. Vi var litt for utålmodige og stressa i avslutningane. Defensivt hadde vi stålkontroll og kampen endte 0-0. Etter kampen var vi enige om at det var ei god gjennomføring, men at vi nok hadde lukkast betre i angrep om vi hadde heldt breidde betre, samt trekt pusten før vi avslutta.

 
Klikk på bilete for full storleik
Avslapping etter middag.

Etter middag og eit par timars avslapping var det så tur enda nokre hundre meter nærare Karmøy. Nordheim ved Oasen er faktisk ein del av Karmøy kommune, sjølv om det ligg på fastlandet. Der spelte vi på ein flunkande ny kunstgrasbane, mot Suldal – som vi visste leia si G15-pulje i serien i Rogaland etter vårsesongen, men hadde slite litt meir no i haust. Det skulle dei også få gjere mot oss. Vi var valdsamt på hugget og jobba godt i presset over heile banen. Defensivt godt og aggresivt arbeid kampen gjennom og det gav mange ballvinningar. Sander utnytta ein slik tidleg, dribla av 2-3 mann og sette sikkert inn 1-0. Vi hadde vår dårlegaste periode mot slutten av første omgang, og då fekk også Suldal utlikne på ein overgang. Det ville vera surt å ikkje leie etter første omgang, og det tenkte Samson også. Vår eigen Zlatan utnytta ein forsvarsmiss og lobba på elegant vis over keeper. 2-1 til pause, herleg! Her var det i grunn berre å peise på med meir av det vi hadde gjort bra. Vi mala på etter pause og fekk midt i omgangen fortent 3-1. Nok ein gong ved Sander, som kom inn på bakre stolpe og nikka Ole Martin sin gode corner i mål.

 

Med både Tormod og Vegar heime, var det tredjekeeper Jonas som var sjef i buret i helga. Han gjorde ei solid turnering, men var noko ukonsentrert då eit skot frå skrått hald fauk inn mellom han og stolpen. Sigeren var likevel aldri truga, dette hadde vi kontroll på. Og då Sander vart felt og fekk frispark på 17 meter, var det duka for ei perle av ei avslutning på kampen. ‘Payet’ Dolonen vrengte frisparket heilt opp i vinkelen og 4-2-sigeren var eit faktum. Kanskje den beste kampen vi har spelt i år.

 
Klikk på bilete for full storleik
Jakten på damer gjekk heller dårleg, men gutane kosa seg med kvarandre i staden.

Til kvelds var det så puljefinale mot Sveio, endeleg ein kamp i idrettsparken. Sjølv om dei også sto med 4 poeng, var vi innstilte på å ta kommandoen også i denne kampen. Vi gjekk hardt og gjorde ein særs solid første omgang der vi jaga Sveio til balltap sjølv langt inne på deira halvdel. Ein skjemmande sterk vind på tvers av banen gjorde forholda vanskelege, og vi kom ikkje til så mange store sjansar sjølv heller. Edvin hadde den største, men fin redning av keeper. Vi var sterke i trua også i pausen, men kort etter fekk vi eit gult kort og tre minutts utvisning. Vår mann hadde ikkje før gått av banen før Sveio fekk eit drøymetreff frå 20 meter og dermed 0-1 på deira einaste skikkelege sjanse i heile kampen. Surt! Etter dette vart vi for oppjaga og sjølv om vi pressa, så rodde Sveio greitt av stormen med lange klareringar og ein dose kynisme. Då fekk vi nøye oss med andreplass i gruppa, sjølv om vi meinte vi hadde fortent å ende på toppen.

 
Klikk på bilete for full storleik
Orden på rommet er viktig.

I sluttspelet søndag morgon registrerte vi at Sveio spelte uavgjort i sin kamp, så hadde vi sikra puljesigeren, hadde det vore gode sjansar for semifinaleplass. Den sjansen var betydeleg mindre med Vadmyra som motstandar, for dei var eit sterkt lag som sto med tre strake sigrar og puljesiger frå laurdagen. Vi klarte heller ikkje å kome opp på vårt beste i den kampen. Vadmyra dominerte frå start og leia 1-0 midtvegs. At det vart heile 4-0 til slutt, er ikkje så nøye. Ei heller at vi tapte mot sterk motstand, men vi hadde utvilsamt meir å gå på med å både jobbe hardare, vera meir nøye og ikkje minst å rope og snakke kvarandre opp. Her var vi sørgmodig stille, slik vi som regel er når vi taper kampar. Dette bør det vera lett å gjere noko med, karar.

 
Klikk på bilete for full storleik
Sjåfør Are slappar av.

Likevel, vi kan vera nøgde med plass i A-sluttspelet og totalt sett gode prestasjonar i turneringa. Dei 3-4 beste laga i cupen var nok eit hakk over oss, så kvartfinale var greitt nok. Det tek vi med oss vidare og no gler vi oss til prestisjefull dyst mot G16-2 i seriekamp torsdag kveld. Dei har vi aldri slått før, på tide no?

Takk elles til bussjåfør Are Uppheim og til Ørjan Sørtveit som var med og overnatta med laget, samt til foreldra som tok turen til Haugesund for å sjå ein eller fleire av kampane.

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart