Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Fortent sliteseier til G15 i lokaloppgjer mot Bremnes

Klikk på bilete for full storleik
Sliteseier mot Bremnes for G15 tirsdag kveld
 
G15: Trio - Bremnes 1-0
14-årslaget til Trio tok tirsdag kveld imot Bremnes til dyst i 2. div Rogaland (G15). Det som såg ut til å bli kamp i eit forferdelig uvær med overvatn på kunstgraset, blei i staden spelt under heilt greie forhold då vergudane var med oss eit par timar. Eit noko sjukdoms- og skadeplaga lag drog til slutt i land ein fullt fortent 1-0 seier etter ein typisk slitekamp.
 
Klikk på bilete for full storleik
God kamp av Simen

På vei til Trio-huset denne ettermiddagen bles det så hardt at eit 7ar mål velta på banen i det vi passerte kunsten. Men det var meldt roligare forhold og vi vart enig med dommar og Bremnes om å utsetta starten med 15 minutt for å få betre verforhold. Dette slo til så det holdt og kampen gjekk under gode forhold. Vi har Brynjar ute med sjukdom og Marcus med skade, men er 16 mann og godt dekka før kamp. Vi vinn loddtrekninga og får siste rest av vind i ryggen i første omgang. Den fortonar seg stort sett som spel mot eit mål, Bremnes er sjeldan over på vår halvdel. Vi manglar litt på 2 områder for å kunna scora 3-4 mål i denne omgangen. Vi er ikkje så flinke til å holde bredde i angrepsspelet som vi har vore tidlegare i haust. I tillegg missar vi ein god del i ballmottak av den glatte ballen i angrepsspelet. Hadde dette vore av 'normal standard' ville Bremnes laget fått sekken full dei første 40 minutta i motvinden i dag. Vi evnar å setta eitt, på eit godt langskudd av Daniel etter eit raskt tatt frispark av Sander. Vi skulle hatt 1-0 tidlegare då Lars setter eit vakkert mål etter eit glimrande angrep. Forseelsen i trekket før blir imidlertid blåst på, på noke som var ein åpenbar fordel. Frisparket setter Daniel like utenfor krysset. Vi får meir ressurs trøbbel tidlig i kampen. Formspelar Mads får føling med ein tidlegare strekk på baksida av låret og er ferdigspelt midtveis i første omgang. Når så Sander, etter ein god første omgang på defensiv sentral midtbane, melder pass i pausen med sjukdom i emning begynner vi å minke kraftig. Emil må inn og spele litt meir enn planlagt og Lars ned som defensiv midtbane i tospann med Daniel.

 
Klikk på bilete for full storleik
Matchvinnar Daniel

I starten av andre omgang virkar ikkje dette å svekka oss i det heile. Kantane er flinkare til å holda bredde i denne perioden og plutselig får vi meir rom og tid til å spele. Utover omgangen må Isak ta ein kvil etter ein smell på venstrekanten. Tor Øyvind kjem inn og er eit friskt pust den tida han er på. Problemet er at han blir og tatt hardt, 5 minutt utvisning for Bremnes spelar og ut igjen med Tor Øyvind. Sander klarer noken minutter til på venstrekant for Tor Ø. Vi spelar ein strålande kamp i forsvar og slepp til ytterst lite. Simen spelar sin første heile kamp for laget i haust og gjer ein solid kamp som stoppar med Joakim. Det vesle som slepp forbi Simen ryddar Joakim og Torstein opp i. Magnus har vore ute ei veke med skade, men var klar igjen i dag og erstatta ein sliten Martin på topp siste 15 og gjer ein meget god jobb. Svært nære på scoring også for Magnus. Vi ror til slutt greit i land seieren etter å ha hatt dei fleste og største sjansane i andre omgang også. Seieren i dag må kallast ein klassisk slite- og lagseier. Bremnes var bedre i dag enn i 3-3 kampen på Bømlo for 4 veker sidan. Vi viser kvalitet og breidde med såpass mange ute med skade/sjukdom etter kvart. Bunnsolid defensivt, litt å jobbe med framover i banen.

 
Klikk på bilete for full storleik
Strålande backspel av Ole Martin

Gutane har då tatt 16 av 18 poeng i haust og slått alle laga i avdelingen. Spelet har og vore høgt nivå på i dei fleste kampane. Meget bra. Det er ikkje nok kampar til å klatra ytterligare på tabellen, så no må målet vera å ta 3. plassen bak Avaldsnes og Åkra, tilfeldigvis dei 2 laga vi har igjen. Først tur til Karmøy torsdag neste veke for tøff kamp mot Åkra som vi slo 2-1 heime. Avsluttar heime mot Avaldnses 18/10.

 
Klikk på bilete for full storleik
......og Mathias

Kampfakta, G15, 2. div Rogaland

Kvednabekkjen

Trio - Bremnes 1-0 (1-0)

1-0 (28 min) Daniel (Sander)

Trio sitt lag:

Torstein S. Olderkjær, Isak Mo, Martin H. Arnesen, Daniel Normann, Mads Jørgensen, Lars O. Larsen, Joakim Heimvik, Alen Foric, Magnus Tera, Tor Øyvind Grundberg, Emil Voster, Sander Dolonen Brækken, Ole Martin Byrknes, Mathias Gjelseng, Simen Hellevik Lie, Gaute Thorkildsen.

 
 

Per Einar Gjerding

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart