|
Tap og seier for J12 |  | Tap og seier i løpet av 4 dagar for J12 |
| | J12: Eikelandsfjorden - Trio 9-1 / Rosendal Svart - Trio 1-2 12-års jentene har på 4 dagar spelt 2 bortekampar. Først gjekk turen til Eikelandsosen på søndag i flott sommarvær og 20 grader. Resultatet vart ikkje det store denne dagen, men ein kjekk tur blei det. Onsdag kveld var det ein litt kortare tur med stopp i Rosendal. Med litt sterkare mannskap tok jentene sin tredje seier av 3 mulige i Rosendal i årets sesong. | |  | 2 gode kampar av Synna |
Søndag 25/9: Eikelandsfjorden - Trio 9-1 (7-0) Vi var berre 8 jenter på denne kampen og hadde ikkje keeper. Det gjekk litt som det måtte gå mot eit sterkt heimelag. 2 utespelarar var sporty og tok kvar sin omgang i buret. Litt skader gjorde at vi på slutten av første faktisk måtte låna ein spelar frå heimelaget for å ha fullt lag. Det bedra seg betydelig i andre omgang der vi fekk alle våre 8 på banen og spelte ein heilt jevn halvtime. Taper denne omgangen 1-2 etter flott mål av June Marie. Synna har ellers ei kanon i krysset som hadde fortent nettsus. Jentene var utrulig flinke til å sjå vekk frå resultat og leverte ein god andre omgang og var i topp humør på heile turen. Aurora bydde på rester frå bursdagsfeiring med baguettar og sjokoladekake på ferja:-) | |  | J12 taper sjelden med Cecilie på laget |
Onsdag 28/9: Rosendal Svart - Trio 1-2 (0-2) Til denne kampen hadde vi 11 jenter med 3 frå J11. Deriblant ein strålande keeper i Wiktoria. Ho storspelte og bidrog til at vi holdt nullen til pause. Framover satte spissane June Marie og Leah kvar sitt mål og det stod 2-0 til oss halvveis. Vi har litt marginar med i dag ettersom Rosendal har 2 skudd i stolpen. men vi har vel så mange og store sjanser vi og vinn til slutt fortent nok. Vi får ikkje til så mykje spel som vi håpar på, men har 2-3 virkelig flotte angrep. Det finaste i andre omgang der vi spelar oss ut bakfra via midtbane kant, inn sentralt, ut igjen på kant og innlegg på første stolpe der June Marie møter og prøver flikke inn i nærmeste. Den går dessverre i nettveggen, men det var et mønster-angrep verdt heile turen til Rosendal som viser litt av potensialet til denne gjengen! Den 11 år gamle Sunde jenta Cecilie er ein viktig bidragsytar i 12-års laget. Jentene har knapt tapt ein kamp denne sesongen når Cecilie har vore med. | |  | Bursdagsbarnet Aurora fekk seier i gave |
Då blei det feiring med is på vei heim for tredje gang i år:-) | |  | Banens beste mot Rosendal var Wiktoria |
No har jentene ein kamp igjen av sesongen, heime mot Eikelandsfjorden neste onsdag på Kvednabekkjen. | | Laget til Trio: Synna H. Gjerding, Aurora N. Mathisen, Margrethe N. Hillestad, Leah Mo, June Marie Bjelland, Ingeborg S. Hagan, Ida H. Gudding, June S. Hammer. | | I tillegg mot Rosendal: Cecilie Enæs Medhaug, Wiktoria Kondracka, Weronika Kondracka | | | | Trenar Bjørn Bj. Mathisen | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |