Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Framleis litt for store

G16: Trio/Halsnøy2-Trio4  4-0. 16-årsgutane til Frode og Christian er framleis hakket for sterke for 15-årslaget, kunne kveldens kamp vise. Vi vurderte i ettermiddag å utsetje kampen pga veret, men trass i at det vart ei våt oppleving var det fine forhold for fotball på Kvednabekkjen seinkveldes. Og kampane mellom desse laga er alltid kjekke. Vi samarbeider også godt med lån i mellom og felles treningar innimellom.
 
Klikk på bilete for full storleik
TH2-keeper Sindre var banens bestemann.
15-åringane gjekk friskt ut og pressa høgt i starten av kampen. Første halvdel av omgangen hadde vi godt tak på, men andre halvdelen vart meir rotete og vi klarar ikkje å halde fokus på dei tinga vi hadde avtalt. Baklengsmålet eit godt døme på det; utspark sentralt, og Grindheimen fekk utfordre i kjent driv framover. 0-1 til pause, og vi syntest vi hadde meir å gå på.
 
Klikk på bilete for full storleik
Dion imponerte.
Dårleg start på andre omgang, då hurtigtoget Dion fekk sette inn 2-0 allereie etter eit par minutt. Han har vore mykje skadeplaga i denne sesongen, men virka å vera smertefri i dag, og då er han med sin formidable fart ikkje god å stoppe. Han var også involvert då det vart 3-0. Mest eit sjølvmål med ei uhumsk klarering. Keeper Tormod vart pressa då han gjekk opp, og hadde nok fått eit fortent frispark om han hadde hyla litt. Stille og beskjeden gut... :)
 
Klikk på bilete for full storleik
Simen kvilte etter tett program i det siste, men fekk spele ving siste 20 minutta og var nær scoring.
Vi hever oss noko etter ein dårleg start og det meste av andreomgangen er jamn, men rotete og upresis frå begge lag. TH2 hadde noko meir krefter att på slutten og Mathias la på til 4-0 etter flott forarbeid av Dion, der Tormod gjorde eit formidabelt arbeid med å halde ballen ute av buret både tre og fire gonger før han måtte kapitulere. Jaja, fortent siger til dei eldste. Vi kom aldri nærare enn to gode skot av Sander, samt eit forsøk frå skrått hald av Simen, der ballen trilla langs heile målstreken.

Ny mann i G15-gjengen er Omid, som kjem frå Afghanistan via Toten. Han blir solid påfyll i stallen no som han er flytta til Valen sist helg. Fotball er ein kjekk måte å kome inn i miljøet og få vener på :)
 
Då har vi ekstra trening på laurdag formiddag, begge lag er velkomne der :)

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio/Halsnøy2-Trio4  4-0 (1-0)
1-0 (16 minutt) Mathias Grindheim
2-0 (42 minutt) Dion Clifton Attille
3-0 (51 minutt) Dion/sjølvmål
4-0 (78 minutt) Mathias Grindheim
 
Dommar: Steinar Sæther, Odda
 
Trio/Halsnøy2 sitt lag:
Sindre Lemicka Brix, Mads Olsen, Sander Eik Vevik, Alexander Johnsen, Håvard Hope, Oliver Lygresten, Mathias Grindheim, Tristan Andre Fredlund, Marcus Størksen, Sebastian Blom, Sindre Benjaminson, Vebjørn Røssland, Dion Clifton Attille, Preben Heimvik, Tommy Heimvik.
 
Trio4 sitt lag:
Tormod Sund Vårdal, Mathias Gjelseng, Joakim Heimvik, Tarmo Tars, Yonas Debesay, Ole Martin Byrknes, Espen Aakre Sjo, Sander Dolonen Brækken, Daniel Sørtveit, Benjamin Skarveland, Gaute Thorkildsen, Jonas Teigen, Vegard Fausk, Simen Hellevik Lie og Omid Karimi.
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart