Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Trio G-13 – Vadmyra 2-7

Klikk på bilete for full storleik
Hedelig innsats i dag
 
Då var det duka for Trio sin andre kamp mot Vadmyra denne helga. Kunne G-13 klare det som A-laget ikkje klarte på laurdag, tukte Vadmyra?
 
Klikk på bilete for full storleik
Kjempekamp av Andeas
Kampen start med flott spel i frå heimelaget og laget prøver å spele fotball med å halde ballen på bakken og spele oss ut. Ut over i 1.omgang så viser det seg at Vadmyra har ein del kvalitet i laget sitt og det gjev ikkje eit heilt rett bilde av kampen at det står 0-0 til pause. Dette kan me takke ein god Andreas i mål for  samt eit forsvar som jobbar og slit bra.
1.omgangen vert avslutta med at Henning slår opp att lår skaden sin. Dette er særdeles uheldig for oss som lag og spesielt gale for Henning. Det er det siste guten treng no og alle på og rundt laget føler med Henning når uhellet er eit faktum. Det vert viktig at skaden vert skikkeleg lega og at du, Henning, ser fram mot neste sesong.
2.omgang startar med at Sondre finn ut at det er på tide med eit mål. Han tek ballen med seg frå eigen bane halvdel og han stoppar ikkje før ballen ligg bak Vadmyra sin keeper. Ein kjemeprestasjon av Sondre. Etter 12 min er det balanse i rekneskapen og etter 13 min så har Vadmyra snudd kampen. Då heng me dessverre ikkje heilt med og me klarer ikkje å komme opp i presset som i 1omgang. Etter 23 min står det 1-3, etter 25 min står det 1-4 og etter 26 min står det 1-5. Dette er ikkje så kjekt lenger. Vadmyra lagar mål etter mål og me klarer ikkje å få til eit eige spel. Det vert mange utspel og så kjem ballen attende like fort som me har spelt den ut. I det 28 min reduserer Mats til 2-5.Eit flott mål av Mats. Vadmyra lagar 2 mål til og begge kjem i kampens siste minutt, dette medfører at sluttresultatet vert 2-7, noko som virka veldig urealistisk etter 1.omgang.
Kvifor endar det med eit så klart nederlag som det vert? Andreas spelar kanskje sin beste kamp for oss nokon sinne  og hindrar eit mykje større nederlag. Me må sjå litt på treningskvardagen vår. Gruppa som spelar kampar er aldri samla på trening. Dette vil sjølvsagt gå ut over samhandling mønsteret vårt og det ser me tydeleg når gutane vert slitne. Me ser også at det vert  tatt val med ballen som bryt heilt med det som er vektlagt på treningane. Det vert for mykje ballføring og for mange berøringar på enkelte spelarar. Dette må ryddast vekk og ballen må spelast kjappare og den må gå på 1 og 2 berøringar. Ved å vere fleire på trening vil også øktene vert meir intense og meir kamplike. No er det spelarar som berre er på dette nivået i kampane. Utfordringa er å få til det same nivået på treningane. Det me ser er at nivået på G-13 1.divisjon er ganske høgt. Gutane møter motstandarar som har eit høgt nivå og som er fysisk sterkare enn dei fleste av våre gutar.
Det er likevel viktig å få fram at gutane gjer ein flott jobb i dag. Dei kjempar så godt dei kan og legg ned ein flott innsats. Synd utteljinga  er så dårleg i resultatprotokollen. Viktig å legge vekt på at dette er ein god erfaring å ta med seg og at gutane vert flinkare kamp for kamp. Me ser også at så lenge kreftene er til stades så klarer laget seg bra. Me vert slitne ut over i 2.ongang og då er det greitt å vite at kondisjon er enkelt å gjere noko med. Det er tungt, men ikkje vanskeleg å løyse
Laget i dag, Andreas, Erlend, Henning, Vegard, Isak, Sondre, Nicolas, Brynjar, Emil, Margus, Anders Olai, Lukas og Mats.
Eivind N.
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott mål av Sondre
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart