Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Kanon sesongavslutning av G14/15

Klikk på bilete for full storleik
Avslutta sesongen med strålande kamp og 6-0 mot Avaldsnes
 
G15: Trio - Avaldsnes 6-0. Premissane for Trio sin siste kamp i G15 var veldig klare. Vant serieleiar Avaldsnes på Husnes ville dei stikka av med puljesigeren føre Åkra. Trio på si side ville sikre 3. plassen i pulja med siger, samtidig som ein ville sikre siger i ein meir uformell haust tabell. Gutane varte opp med kalasfotball og sendte karmøyværingane heim med 0-6 i bagasjen, etter 3 baklengs i kvar omgang, dei fleste av dei av den fine sorten. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Stor kamp av Joakim i forsvaret

Kampplanen bygde i stor grad på det vi har jobba med før i år. Vi ønska å framstå kompakte og tett i rygg på bortelaget defensivt, samtidig som vi skulle presse høgt som vi likar best. Framover skulle vi gjennom breie kantar og tålmodige spissar lage rom å spele i. Gutane gjennomfører på ein utrulig god måte og rulla opp uttallige flotte angrep, spesielt i første omgangen. Etter 10 minutt åpnar Sander ballet då han er sist på eit strålande angrep. Ballen går frå mann til mann og vert avslutta med at Mads ser Sander i fart føre kassa og han breisidar i lengste hjørnet til 1-0. Vakker scoring! Like etter er Daniel nær ved å dra seg gjennom, men blir tatt på 17 meter. Han tar sjølv frisparket og det går hardt og lavt til venstre for målvakt. 2-0! Mads herja fælt med venstrebacken til bortelaget i kveld og like over halveis i omgangen aukar han til 3-0 etter frispeling frå Lars. Ein flott første omgang der vi er minst 3 mål bedre enn serieleiaren.

 
Klikk på bilete for full storleik
....og av Tarmo

Mykje skryt vankar i pausen. Einaste vi ønsker litt justering på er at vi kan vera litt meir tålmodige med ballen i laget til tider, ikkje jage avgjerande pasning for tidlig.

 
Klikk på bilete for full storleik
Sander med strålande kamp

Vi brukar 10 minutt av andre omgangen og på å få nettsus. Igjen er Mads på farten, etter ein strålande pasning frå Joakim som sender Mads åleine gjennom. 4-0! Etter kvart får både Mads og Daniel trøbbel og må ut med skader. Dette vil svekka dei fleste lag, men akkurat i dag peiste dei på uansett kven som var på banen. Brynjar kjem inn som spiss (og Lars ned sentralt for Daniel) etter haustferie i Spania og setter kontrollert 5-0 til sides for keeper med bistand frå Sander. Magnus spelar siste del av kampen som spiss for Martin. Han avsluttar det heile med ei praktscoring på volley med strak vrist. Frå skrått hald går ballen som ein prosjektil i motsatt kryss (var det i -88 van Basten??). Det heile ebbar ut med 6-0 og Avaldsnes skapar lite eller ingenting gjennom kampen, etter tidlegare å ha scora 66 mål på 14 kampar.

 
Klikk på bilete for full storleik
Daniel: Dominerte i ein time før skade

Utrulig kjekt for gutane å få vist seg skikkelig fram i siste kampen for sesongen og attpåtil på heimebane. Alle mann gjorde ein kjempejobb og i dag vil eg sei at LAGET var banens beste. Torstein holder nullen, eit betongforsvar føre seg som ikkje er kjekt å møta, ein midtbane som tar fullstendig luven av motstandaren og sto for dei 4 første måla, spelande spissar og 5 som kjem inn frå benken og markerer seg heile gjengen og står attpåtil for dei 2 siste måla.

 
Klikk på bilete for full storleik
Magnus 'van Basten' med kanonscoring

Sigeren vart feira med svært gode heimalaga skuleboller som Mammo til Martin (Sara) hadde baka.

 
Klikk på bilete for full storleik
Mads med uttallige løp og 2 mål i dag

Ein flott sesong med puljesiger i G14 i vår, sølv i Norway Cup i sommar og 'puljesiger' i haust i G15. Alt med strålande spel og veldig sportslig utvikling gjennom sesongen. Takk til alle gutane for at eg fekk vere med dåke dette året og oppleva dette:-)

 

Kampfakta, G15, 2. div Rogaland

Kvednabekkjen

Trio - Avaldsnes 6-0 (3-0)

1-0 (10 min) - Sander (Mads)

2-0 (11 min) - Daniel (-)

3-0 (23 min) - Mads (Lars)

4-0 (50 min) - Mads (Joakim)

5-0 (64 min) - Brynjar (Sander)

6-0 (73 min) - Magnus (-)

 

Trio sitt lag:

Torstein S. Olderkjær, Isak Mo, Martin H. Arnesen, Daniel Normann, Brynjar H. Gjerding, Mads Jørgensen, Marcus N. Mathisen, Lars O. Larsen, Joakim Heimvik, Alen Foric, Magnus Tera, Sander Dolonen Brækken, Ole Martin Byrknes, Mathias Gjelseng, Simen Hellevik Lie, Tarmo Tars.

  

Per Einar Gjerding

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart