Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Dårleg førebuing

G16: Trio4-Odda 1-8. Vi får ein dårleg inngang til kampen (det Høgmo meiner er så viktig) når tre mann kjem utan drakta si og to dukkar opp ein halvtime for seint. Det resulterte i dårleg førebuing, endringar i startoppstilling og at vi raskt kom bakpå i målprotokollen. Vi hevar oss etter kvart og viser i periodar at vi kan yppe oss, sjølv mot sterke lag som Odda, som har sine beste spelarar her i 3.divisjon no i haust.
 

Odda har berre eitt lag i seriespelet i haust og det er følgjeleg deira sterkaste menn vi møter i denne divisjonen i haust. Pluss kvinne, dei har på laget landslagspelar Anna Jøsendal, som imponerer med høg klasse. Med dette er dei eit par hakk betre enn oss på Trio 4 i år, men det var unødvendig at vi sjølve var dårleg forberedt. Det har vi vonleg sikra at vi ikkje opplever igjen.

 
Klikk på bilete for full storleik
Flott scoring av Mathias.

Etter 0-2 tidleg og ei anna startoppstilling enn planlagt, klarar vi å heve oss etter kvart. Vi kjem meir inn i kampen og Mathias reduserer på eit godt skot frå 20 meter. Resten av omgangen er relativt bra frå vår side. Odda aukar til 1-3, men elles var det sjansefattig, der kvart av laga hadde sitt beste tilbod på langskot. For vår del var det frå Tarmo med ein susar frå 25 meter. Diverre var ingen framme på returen keeper gav. 1-3 til pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
Gaute var vår bestemann.

Ein tøff start på andre omgang med to tidlege baklengs, men så kjempar vi oss meir inn i det igjen, trass i sterk motvind. Daniel kjem inn ti minutt etter pause og leverer eit knallbra innhopp. I lag med Gaute sørga han for meir tempo på venstresida og det var her vi skapte mest i denne omgangen. Nærast var vi også på eit angrep ved nemnte karar, der Gaute dundra ballen like over på halv volley.

 

Odda er eit temposterkt og velspelande lag, og vi vart slitne mot slutten. Då kom det og nokre baklengs. Ergo 1-8 til slutt, noko som altså burde vore ein del mindre. Vi er reint 15-årslag og har hatt ein tøff haustsesong. Trøysta får vera at det blir lettare neste år, og at dei to attståande kampane mot Trott2 på søndag og Stord2 på torsdag, bør vera motstand vi kan vera jamnbyrdige med, så sant dei ikkje dreg med for mange førstelagsspelarar.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio4-Odda 1-8 (1-3)

0-1 (5 minutt)

0-2 (8 minutt)

1-2 (13 minutt) Mathias Gjelseng

1-3 (25 minutt)

1-4 (44 minutt)

1-5 (50 minutt)

1-6 (64 minutt)

1-7 (66 minutt)

1-8 (72 minutt)

 

Dommar: Miomir Milenkovic

Ingen kort.

 

Trio sitt lag:

Tormod Sund Vårdal, Espen Aakre Sjo, Simen Hellevik Lie, Tarmo Tars, Omid Karimi, Sander Dolonen Brækken, Ole Martin Byrknes (Yonas Debesay frå 52 minutt), Gaute Thorkildsen, Vegard Fausk (Vegar Teigen frå 30 minutt, Vegard frå 70 minutt), Benjamin Skarveland, Mathias Gjelseng (Daniel Sørtveit frå 52 minutt).

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart