Hyllest til Roger Røssland |
 | | Legenden Roger Røssland. Foto: Helge Sunde. |
|
| |
| Over 420 kampar er spelt. Utallige fotballsko er nedslitt. X antall kilometer i minibuss er tilbakelagt. Over 1000 historiar frå nært og fjernt har blitt fortalt (dei fleste med 18-års aldersgrense). Han har sett lagkameratar kome og gått. Han har blitt verande. Men no er det slutt. Ein legende legger opp. Roger Røssland. |
| |
Ein kunne ha skreve ei heil bok om Roger. I dagens kampprogram vert det kun eit utdrag denne fiktive boka og fra kapitelet med navnet 'Medspelera.' Eg har derfor henvendt meg til nokre av dei som har trent, spelt og reist med Roger sidan han debuterte på fotballbanen under Halvor Øvrevik i 1992. Dette har dei å seia om fotballsparkaren Roger Røssland; |
| |
'Det var aldri kjedelig å reisa på bortekamp, for Roger hadde alltid ein story å fortella. Som regel smørte han litt på historien.' -Kjell Åge Totland-
'Ein flott person med ein fantastisk innstilling. Gjorde alltid det lille ekstra for laget.' -Trond Inge Haugland- |
| |
'Det var 'kjekt' å spille back når Roger var ving. Fikk aldri ballen ved overlapp. Mange km med løp til ingen nytte. Ein flott ambassadør for klubben. Ein mann du kan stola på og alltid ein smart replikk i ermet' -Jamal Colin Soosainather- |
| |
'Tidenes teitaste lagkamerat. Få eg har ledd så mykje av og med, både av hans humor, manglande respekt for Gud og kvarmann og ubrukelege touch på ballen. Donald Trump hadde følt seg som ein tannlaus ten-sing-gut om han hadde høyrt garderobepreiken til denna duden. Roger er ein liten Røsslandsgud, noko Omasen og Irene skal vera særs nøgde med. Det er deira varme vesen som har skapt detta missfosteret. Eg vil skåla med og for deg til eg ligg i grava. Kjærleik' -Daidalos Dahle-
#Vilje #Målscorer #Hurtig(når han var ung) #Sterk #Vinnerskalle #Lagspelar #Lagetsklovn #Respektert #TRIOLEGENDE -Johnny Furdal- |
| |
'Fantastisk mann på og utanfor banen. Gir 100% på trening og kamp. Ein av dei viktigaste personane på A-laget i 20 år både for miljøet og samhaldet. Eg håper han fortsetter i Trio anten som trenar eller i eit styreverv' -Ronny Hamre- |
| |
'For meg var han ein farsfigur. Både på og utanfor banen. Symbolet på lagspelar med stor L. Den spelaren som sette klubben og laget før seg sjøl'. -Endre Eide- |
| |
'Ein kjernekar. Aldri ein kjedelig tur i bussen når han var med på veg til bortekamp.' -Håvard Pedersen- |
| |
'Da har vore ein ære og fornøyelse å ha levert utallige målgivande til tidenes Trio-legende. Kjem til å fortella både barn og barnebarn om samarbeidet vårt.' -Rolf Vidar Grønstøl Hansen- |
| |
'Roger Røssland var for meg en hardtarbeidende spiller på banen. Ikke minst så var han lojal til meg som trener og til Trio som klubb. Roger var like viktig utenfor som innpå banen. En spiller som kan være stolt over sin fotballkarriere for Trio' -Agust 'Gusti' Fridrik Hauksson- |
| |
'Ein som skapte god stemning på vei te kamp, med gode historier. Og på banen var han ein som gav 100% kvar gong, med hurtighet og kraft som sine store styrker!' -Jim Are Hansen- |
| |
'Klubbspilleren. Beste mann å ha med i krigen. Innsats. Vilje. Målscorer. Ingen over, ingen ved siden.' -Ørjan Normann- |
| |
'Han var ein spelar som fekk deg til å prestera på trening. Du ville ikkje skuffa han. Du såg kva det betydde for han å vinna. Samtidig var det deilig å knusa han når du spelte mot han på trening. Han blei så sint.' -Henrik L. Røssland- |
| |
'Roger er ein utrulig fin type og lagspelar. Eit privilegium å bli kjent med han. |
| |
'Hva skal en si om Roger. Tja,ekte Trio - gutt. Som fotballspiller = han VAR rask, han er sterk, ikke noe spesiell teknikk, men, herlig innstilling av det sjeldne. Positiv for det meste,.... hvis noe negativt, da må det være når han presset motspiller høgt oppe (tok dem bakfra) og alltid ble det frispark imot.. :( NEI, IKKE SLUTTA' -Kristinn 'Stinni' Atlason- |
| |
'Det står respekt av at Roger har vore trufast mot klubben i så mange kampar over så mange år. At han alltid har vore ein av lagets beste og viktigaste spelar i alle desse åra, gjer det heile meir imponerande. Når eg likevel vågar å påstå at han han bidratt enda meir i garderoben enn på banen, så seier det noko om kor mykje Trio sin eigen Supermann har betydd for klubben.' -Lars Johan Myklebust- |
| |
'Ein energisk kar som brenn for fotball. Han er ein humørspreiar som er viktig sportsleg og sosialt. I tillegg har han gode haldningar og eit temperament som eg elskar. Lykke til med framtida Roger,eg håpar eg ser deg att på ein eller annan måte i fotballen. Du vert sårt sakna.' -Håvard Haga- |
| |
'Fra 2005 sesongen til og med 2009 sesongen lagde Roger 76 mål!! Med sin fantastiske fysikk og uredde stil var han eit angrep aleine for oss. Han laget mange mål av den vakre sorten. Men headingen fra 16m og rett i krysset, heime mot Sandviken gløymer eg aldri.' -Aleksander B. Ekeland- |
| |
'Roger har vore ein spelartype eg har sansen for. Stor fart og mykje styrke. Har holde ut i ufattelig mange år. Det står det respekt av. I tillegg til dette er det aldri kjedelig (eller stille) når Røssland er i nærheten. Har hatt mange gode latterbyer på tur til eller fra byn.' -Håkon Ekeland- |
| |
Helsing alle som har hatt gleden av å spela med deg! |
| |
- Henrik Røssland |
| |
| |
|
|
|