Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Hyllest til pensjonerte midtstopparar

Også midtstopparduoen Ronny Hamre og Henrik Røssland har lagt skorne på hylla og får ein velfortent blomekvast under A-lagskampen i morgon. Ronny gav seg i vinter, medan Henrik var med noko av vårsesongen før han pensjonerte seg.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ronny Hamre. Foto: Helge Sunde.
Ronny Hamre
Ronny var A-lagsspelar allereie i forrige årtusen og for dei som hugsar A-laget i sesongane 2001-02, så var han ein av dei fremste spelarane i 3.divisjon allereie då. På den tida veldig allsidig på banen, då han spelte både midtstoppar, back, ving og spiss. Så gjekk turen til Sogndal, der han spelte fleire sesongar for Fjøra i studietida. Han har også nokre prøvespel i Sandefjord og nokre sesongar i Stord på baken. Hausten 2005 var han attende i moderklubben Trio og fekk då også med seg toppsesongen 2007, som inneheldt avdelingssiger i 3.divisjon, opprykkskvalik, samt møte med Brann i cupen. Den gongen var han makker med Trond-Inge Haugland i eit særs solid Trioforsvar. Totalt endte han på 235 obligatoriske kampar for Trio, noko som gjev 10.plass på adelskalenderen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Henrik Røssland. Foto: Helge Sunde.
Henrik Røssland
Henrik er 4 år yngre enn Ronny, altså berre ungdomen med sine 32 år. Men når familien aukar på, er det andre ting som krev sitt. Så då faren pensjonerte seg frå Hydro Husnes, fann Henrik ut han skulle pensjonere seg som fotballspelar. Henrik har vore Triogut i heile si karriere og kom inn på A-laget i ein alder av 17-18 år. Totalt er det blitt 175 A-kampar, noko som er 20.plass på lista. Med den eine han fekk i år, så skulle han tangere dagens A-lagstrenar Aleksander Ekeland på adelskalenderen. Men Ekeland har sørga for å halde han bak seg ved å sikre seg sjølv nokre minutt i ein kamp i år også. Visstnok kom to spelarar for seint til denne bortekampen, så i mangel på spelarar, spelte Aleksander første ti minutta av kampen. Dette skjedde på Telavåg langt ute på Sotra, så det let seg vanskeleg verifisere. Men det er kjent at Aleks var skuld i eit baklengsmål på dei ti minutta før han kom seg av banen :)
 
Velvel, Henrik får heller krone seg med tittelen Trios mest hardtskytande. Ein gong det var skotkonkurranse med lasermåling på senteret, vart Henrik klokka inn på 113 km/t, hårfint framom Roger Røssland. Slegga har han også vist fram mang ein gong i kamp, både på frispark og etter raid fram frå høgrebacken, og sidan stopparplassen.
 
Trio ønskjer å takke også Henrik og Ronny for innsatsen gjennom mange år og dei får altså i lag med Roger utdelt kvar sin blomsterkvast under A-lagskampen laurdag. Møt fram og hyll gamlekarane ein siste gong!
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart