Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Godt spel, manglande utteljing

Klikk på bilete for full storleik
 
G16: Trott2-Trio4 4-0. God kamp av gutelaget i Prestegardsskogen i dag, mot ein motstandar som mønstra 4-5 mann frå førstelaget. Vi sto godt i mot, og spelte vår kanskje beste kamp offensivt for sesongen. Fullt på høgde spelemessig, men ikkje i målprotokollen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Strålande kamp av Tarmo i dag, banens einar.
Vi kjem godt i gang og klarar å presse Trott høgt i banen. Daniel slår eit innlegg som treffer tverrliggjaren og sprett ut igjen, og Gaute skyt rett på keeper på returen. Så får Benjamin sjansen i bakrom, og skotet på halv volley går like utanfor. I staden er Trott effektive og scorar på ein sjeldan sjanse. Deira gode midtbanespelar får drible seg altfor lett inn langs daudlinja, skaffar seg vinkel og bankar inn 1-0.
 
Klikk på bilete for full storleik
Veldig god kamp av Daniel.
Vi held fram med godt offensivt spel og på eit nydeleg angrep akkurat slik vi øver på, kjem Daniel på løp bakfrå og er åleine gjennom. Uforståeleg nok bles dommaren for offside. Vi hadde ein ung, lokal dommar i dag og dei fleste avgjerder med tvil i gjekk heimelaget sin veg. Slikt skal vi tåle og leve med, men nokre andre meir avgjerande avgjerder var noko tunge å svelge. Slik som denne.
 
Kort etter har vi eit nytt flott angrep. Benjamin var på hugget og kom til innlegg på venstresida. Daniel hoppa over og Sander skaut over frå veldig god posisjon. Det same gjorde Ole Martin etter hardt press frå oss i etterkant av ein corner. Litt meir is i magen i avslutningsøyeblikka, så kjem måla, karar.
 
Sander hadde også eit godt skot som keeper plukka og mot slutten av omgangen kom Edvin gjennom. Nok ein gong ei offsideavblåsing som gjorde vondt i sjela. I staden: Eit effektivt heimelag scorar på corner etter at keeper Tormod vart kraftig hindra og burde fått frispark. 2-0 rett før pause. Surt!
 
Men vi var godt nøgde med prestasjonane midtvegs. Vi endra formasjon og gjorde tre bytter i pausen, men elles ingen grunn til å endre så mykje. Spelemessig heldt vi også fram med å ha eit lite overtak i kampen. Nokre gode tilbod kom vi også til. Gaute la inn frå høgre og Vegard traff ikkje skikkeleg på volley. Ballen spratt inn til Daniel, som korrekt vart blåst av for offside i det han skulle score.
 
Og no hadde vi fått blod på tann. Midtstoppar Tarmo på eit sugande løp fekk innlegg frå Gaute som var frispelt av Sander. Men heller ikkje Tarmo traff godt nok, ein god Trottkeeper redda då også. På ein flott overgang vart Benjamin frispelt av Daniel, men då streifa skotet stolpen. Så også då Sander avslutta etter fine kominasjonar. I første halvtimen klarar vi å halde spelet inne på Trott sin halvdel i brorparten av tida. Berre målet mangla
 
Men effektive, det var vi ikkje. Typisk då at Trott auka til 3-0 ti minutt før slutt, etter mangel på dekking i feltet. Siste timinuttet kom Trott høgare i banen og hadde eit visst trykk mot oss. Då la dei også på til 4-0 i siste minutt, på ei scoring som vart sett inn av ein offsideplassert spelar 2 meter framom mål. Surt som berre det, men marginane var ikkje med oss i dag.
 
 

Nye sjansar på onsdag når Stord 2 kjem på besøk. 

Kampfakta frå Prestegardsskogen kunstgras

G16: Trott2-Trio4 4-0 (2-0)
1-0 (17 minutt)
2-0 (37 minutt)
3-0 (71 minutt)
4-0 (79 minutt)

Trio sitt lag:
Tormod Sund Vårdal, Mathias Gjelseng, Tarmo Tars, Espen Aakre Sjo, Omid Karimi, Sander Dolonen Brækken, Ole Martin Byrknes, Gaute Thorkildsen, Daniel Sørtveit, Edvin Vågen Bjørgvik, Benjamin Skarveland, Vegard Fausk, Vegar Teigen, Hekmatullah Ahmadi.
 
- Trenar Are Ulseth
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart