|
Siste seriekamp, allereie?? | | | G16: Trio4-Stord2 1-5. Gutelaget gjorde ein ok kamp mot stordabuane, men litt lettvinte mål i mot samstundes som vi slit med å få ballen i mål sjølv, gjer at det ender med tap. Siste 20 minutta kontra Stord oss i seink. | | Vi gjekk ut med mål om å køyre kampen frå start, men kom dårleg i gang og fekk ikkje det trøkket vi hadde håpa på. Første kvarteret var heller rotete frå vår del og Stord fekk eit lite overtak. Etter kvart kjempa vi oss inn i det, men så fekk Stord eit veldig unødvendig mål. På ein corner mot første stolpe var vår keeper for langt ute og fekk ikkje klarert då han måtte innover og hente ballen. På femmeteren hadde vi også sluppe markeringa og då blir det nådelaust baklengs på dette nivået.
| | Men vi var på gang då og tok godt tak i kampen. Benjamin skapte mykje på topp i første omgang og han kom rundt på venstre, der Daniel flikka vidare. Det gav Hekmat ein formidabel sjanse, som først vart redda, før Gaute skaut over på returen. Sidan rakk vi også tre gode skot ved Daniel og Sander før dommaren blas til pause, 0-1.
| | Vi var best også første halvdelen av andre omgang. Vi har klart å få meir tempo framover i banen og då Sander braut og Daniel kom igjennom, var underteikna sikker på at dei 100 kronene eg hadde sett på Daniel-scoring i dag var sikre. Men venstreslegga er berre nesten like god som høgra og keeper fekk slått til corner.
| | Omid byrjar verkeleg å bli varm i Triotrøya og vart flytta fram frå back til indreløpar utover i kampen. I dag var han kanskje vår bestemann. Det fåtalige publikummet jubla også for hans første scoring då Edvin la inn frå høgre, men diverre blas dommaren for at ballen var ute før innlegget. Synd, for det var eit strålande angrep og ei strålande scoring. Omid fekk også sjansen rett etter, men kom akkurat for seint på Tarmo sitt gjennomspel. Han kunne også fått fleire gode tilbod på mange fine løp, men litt for ofte brukte medspelarane for mange touch
| | Men til slutt skulle det lukkast. Benjamin dribla av eit par stordabuar og serverer Daniel, som styrer ballen i stolpen. Det gjorde dog jobben lett for Sander, som kunne kontrollere ballen i tomt mål frå fem meter. 1-1, vel fortent.
| | Diverre hoppa ikkje Adam paradis så veldig lenge. På ein corner klussar vi det veldig til for oss sjølv. Klarering rett i motspelar, fomlar ballen opp i tverrliggjaren og til slutt får Stord tuppa den inn. Kort etter kjem også 1-3, når Tormod er uheldig på eit langskot. Då var vi altså på hælane igjen.
| | Og dei siste 20 minutta klarte vi ikkje å hente oss inn att. Stord tek over og er mykje farlege på kontringar enn kva vi klarar å vera i etablert spel. Først får dei ny scoring på straffe etter ei kontring, og så kjem 1-5 på nok ein rask overgang. Fortent nok, kampen sett under eitt. Omid og Tarmo var våre beste menn i dag, i lag med Mathias, som var veldig god inntil han gjekk ut med ein liten skade tidleg i andre omgang.
| | Velvel, sjølv om seriekampane er over, gjev vi oss ikkje så lett på det. Vi har allereie avtalt treningskamp mot Trio 2 på tysdag og held det gåande for fullt med treningar så lenge gutane vil. Kampfakta frå KvednabekkjenG16: Trio4-Stord2 1-5 (0-1) 0-1 (26 minutt) 1-1 (55 minutt) Sander Dolonen Brækken 1-2 (58 minutt) 1-3 (60 minutt) 1-4 (70 minutt) 1-5 (74 minutt)
| | Dommar: Steinar Sæther, Odda Tilskodarar: Under 15(!) Gult kort: Jonas Teigen
Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Mathias Gjelseng (Jonas Teigen frå 45 minutt), Tarmo Tars, Espen Aakre Sjo, Omid Karimi, Gaute Thorkildsen (Yonas Debesay frå 30 minutt), Ole Martin Byrknes, Sander Dolonen Brækken (Gaute frå 70 minutt), Hekmatullah Ahmadi (Edvin Vågen Bjørgvik frå 40 minutt), Daniel Sørtveit (Hekmat frå 70 minutt), Benjamin Skarveland (Vegard Fausk frå 58 minutt).
| | - Trenar Are Ulseth | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |