|
Mot ein god del odds |  | | Trio 2 mot Trio 4. Totalt har vi 47 aktive spelarar i G15-16-alder ved utgangen av sesongen. |
| | | | Fleire rynka nok på nasen over at vi i år meldte på heile 4 lag i seriespel i G16-klassen. Førstelaget har vore samarbeidslag med Halsnøy, medan andrelaget har vore resten av 16-årsgruppa. Det herska nok mykje tvil til om denne gjengen kom til å fullføre sesongen, men det har dei gjort på imponerande vis og stort sett hatt eit veldig godt treningsframmøte frå mars til i dag, trass ein tung start i vinter. Gruppa er faktisk blitt større gjennom sesongen. Det har også lag 4 (15-årsgruppa til Trio) blitt. | | | Trass ein tøff sportsleg sesong med matching mot sterke 16-årslag, har ein ikkje hatt fråfall. Det blir nok lettare neste sesong, når alle framleis held G16-alder. I vårsesongen fylte også 15-årsgjengen laget Trio 3, som var påmeldt i G15-klassen i Rogaland. Dette med påfyll i form av lån i frå 14-årslaget. I haust vart dette endra til motsett; 14-årslaget tok over administrasjon av dette laget, med lån i frå 15-årsgruppa. | | | Med godt samarbeid mellom alle laga har det vore direkte uproblematisk å mønstre lag til samtlige kampar for alle laga i årets sesong. Det er ein sterk prestasjon at det er veldig vanleg med stort fråfall i desse årstrinna, noko ein også ser i klubbar vi samanliknar oss med lokalt. | | | Tysdag kveld møttest 16-årsgjengen Trio 2 og 15-årsgjengen Trio 4 til treningskamp på Kvednabekkjen. Ingen grunn til å legge inn årene sjølv om seriekampane er ferdigspelt. Til denne kampen hadde vi også sikra oss full dommartrio. Isaac Jørgensen debuterte som hovuddommar på G16-nivå, og hadde med seg Marius Quam (Halsnøy) og Nikolai Mayer som assistentdommarar. I tillegg følgde Oddvar Eikenes opp som dommarveiledar for Trioen, som leverte meget bra. | | | Kampen vart ikkje den heilt store, Trio 2 var eit lite hakk betre enn sine yngre rivalar. Likevel stort sett jamnt i spel, inntil Trio 2 punkterte med to scoringar til siste fem minutta. I starten var det jamnt. Mathias Gjelseng hadde eit frispark i tverrliggjaren for Trio 4, medan Vebjørn Røssland heada ein corner over for Trio 2. Vel eit kvarter ut i kampen scora Mathias Grindheim kampens første mål, då han jaga ein lang ball i bakrommet. Midtstoppar Tarmo og keeper Tormod kolliderte i denne situasjonen, og Tarmo måtte kaste inn årene etter å ha fått Tormod sitt kne i hofta. Ikkje godt, men vi satsar på han er raskt i gjenge igjen. | | | 0-1 sto seg til pause og Trio 4 hadde ting å forbetre. For dårleg presisjon og for stor risiko ved spel sentralt i banen, samt at vi framleis sleit med at sentrale spelarar brukar for mange touch før dei leverer ballen vidare. Første 20 minutta av andre omgang har vi greit tak på kampen. Sander har eit volleyskot over, og Daniel, Omid og Edvin får ein gedigen trippelsjanse utan å lukkast. Midt i omgangen aukar i staden Sander Torget til 2-0 for Trio 2, når han er framme på retur etter Vebjørn sitt gode skot. | | | Ti minutt før slutt får vi eit unødvendig gulkort for munnbruk frå ein midtstoppar. Dette øydelegg ein god del for oss og vi må gjere høgst uvante omrokeringar. Det bidreg til at vi får 0-3 i mot ved Tristan Fredlund. På tampen fastsett Vebjørn resultete til 0-4 ved å nikke inn ein corner. Totalt gjer det at resultatet går frå ok til skralt for oss på Trio 4 sin del. | | | Ved utgangen av 2016-sesongen teljer 15-årsgruppa heile 18 'mann', sidan vi har fått to nye på laget i haust. Omid og Hekmatullah er to lovande bekjentskaper, som viste seg godt fram også i kveld. Fram mot neste sesong kjem om lag 10 spelarar opp frå G14, så det ligg an til to lag på G16-nivå neste år. Kampfakta frå KvednabekkjenG16: Trio4-Trio2 0-4 (0-1) 0-1 (18 minutt) 0-2 (61 minutt) 0-3 (75 minutt) 0-4 (79 minutt) | | | Dommartrio: Isaac Jørgensen, Marius Quam, Nikolai Mayer. Gult kort: Omid Karimi og Espen Aakre Sjo (Trio 4). | | | Trio 4 sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Mathias Gjelseng, Tarmo Tars (Simen Hellevik Lie frå 18 minutt), Espen Aakre Sjo, Yonas Debesay (Ole Martin Byrknes frå 30 minutt), Gaute Thorkildsen (Vegar Teigen frå 45 minutt), Sander Dolonen Brækken, Omid Karimi (Vegard Fausk frå 50 minutt), Daniel Sørtveit, Benjamin Skarveland, Hekmatullah Ahmadi (Edvin Vågen Bjørgvik frå 40 minutt). | | | Trio 2 sitt lag: Sindre Lemicka Brix, Preben Heimvik, Sander Eik Vevik, Vebjørn Røssland, Håvard Hope, Sebastian Blom, Tristan Andre Fredlund, Mathias Grindheim, Oliver Lygresten, Sindre Benjaminson, Dion Clifton Attille, Sander Torget, Mads Olsen, Alexander Johnsen. | | | - Are Ulseth (trenar Trio 4) | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |