Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Sesongmarkering for 15-åringane

Klikk på bilete for full storleik
Prisvinnarar på sesongmarkeringa: Frå venstre Tormod Sund Vårdal (hjelparen), Gaute Thorkildsen (treningsframmøte), Sander Dolonen Brækken (toppscorar og årets spelar), Vegar Teigen (godklumpen), Daniel Sørtveit (størst framgang).
 
15-årsgutane til Trio markerte onsdag kveld at kampsesongen 2016 er over. Vi brukar ikkje ordet avslutning, sidan vi trenar året rundt, men alle spelarane og ein god del foreldre var i allefall samla til konkurransar og kampar i 3arfotball på Kvednabekkjen, med påfølgjande pizzasamling på Trioloftet etterpå.
 

20 av våre 18 spelarar var med, kjekt også at eit nesten tosifra antal foreldre tok utfordringa og var med på speløkta med 3arfotball. Vi fekk faktisk heile 9 lag, som alle fekk to kampar kvar. Vi droppa heldigvis finalespel, dette vart meir enn nok for dei eldste av oss :)

 
Klikk på bilete for full storleik
Gaute har allereie passert 100 treningar med laget i år.

Kjekt også at om lag 15 foreldre var med på pizzasamlinga på Trioloftet etterpå. Her var det også utdeling av nokre prisar for sesongen:

'

Toppscorar: Sander Dolonen Brækken

Treningsframmøte: Gaute Thorkildsen, har allereie passert 100 i år

Størst framgang: Daniel Sørtveit

Hjelparen: Tormod Sund Vårdal, den som er flinkast til å ta inn utstyret

Godklumpen: Vegar Teigen, flinkast til å ta vare på alle, inkludert dei nye på laget

Årets spelar, kåra av spelarane sjølv: Sander Dolonen Brækken.

 

Det vart og tid til ein liten prat om neste sesong på G16. Då blir våre 18 spelarar auka med neste års 15-åringar. Totalt blir det då to lag i seriespel. Are vil ha ansvar for andrelaget, medan ein førebels manglar trenar med hovudansvar for førstelag.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart