Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Årsmelding Trio G15 (2001)

Klikk på bilete for full storleik
15-årsgjengen til Trio i 2016. Bak frå venstre Vegar Teigen, Edvin Vågen Bjørgvik, Tarmo Tars, Simen Hellevik Lie, Sander Dolonen Brækken, Espen Aakre Sjo, Gaute Thorkildsen, Daniel Sørtveit, Samson Nyrud Uppheim. Framme frå venstre Anders Solheim Dyrhaug, Eirik Kjerpeseth Rusten, Ole Martin Byrknes, Yonas Debesay, Tormod Sund Vårdal, Mathias Gjelseng, Jonas Teigen, Vegard Fausk. Ikkje på biletet: Benjamin Skarveland.
 
Det yngste gutelaget tok steget opp frå smågut før denne sesongen og ei relativt stor gruppe bemanna to lag i vårsesongen. Då hadde vi lag i G15 Rogaland, samt Trio 4 i G16-klassen i Hordaland. I haust overtok 14-årslaget plassen i G15 Rogaland, men vi lånte framleis ut 6-7 mann til desse. Så skilnaden besto seg først og fremst i kva trenarar som sto på linja. Elles har vi hatt stor aktivitet og delteke på 4 cupar gjennom året.
 
Klikk på bilete for full storleik
Tarmo er vår bestemann og har også trent og spelt med G16-1.

Sportsleg har det vore ein tøff overgang frå smågutenivå. Ikkje minst i haust, då pulja i G16 Hordaland vart uvanleg sterk. Både Odda og Bremnes gjekk ned frå to til eitt lag før hausten, og då vart det deira beste spelarar som deltok i 3.divisjonspulja. Fleire andre sterke lag var det også, så over halvparten av laga i pulja hadde spelarar som også spelte på A-lagsnivå. Sterkast av alle var Fitjar, som hadde 4 gutar innom A-laget, om lag heile gutelaget også på G19-nivå. Desse vant ikkje berre serien vår, men dei vart også meister i sluttspelet til Hordaland fotballkrets.

 
Klikk på bilete for full storleik
Sander vart kåra til årets spelar.

Men det er kjekt at Trio (med samarbeid med Halsnøy) for første gong i historia har hatt 4 lag i seriespel på 15-16-årsnivået. Mange trudde nok i vinter at dette var for ambisiøst og at ein ikkje klarte å gjennomføre sesongen for alle laga, men dette har vi klart med glans. Det har vore uproblematisk å stille lag til alle kampar og det har vore minimalt med fråfall gjennom sesongen. Noko som er uvanleg på dette alderstrinnet, og som over nemnt andre klubbar vi samanliknar oss med sliter med.

 
Klikk på bilete for full storleik
Gaute er alltid på trening.

I G15-klassen i Rogaland klarte vi oss greit, der var motstandarane jamne med oss både i fysikk og nivå. I lag med 14-åringane har ein del av våre gutar i haust spelt imponerande god fotball i denne divisjonen. Det er ein treningsivrig gjeng vi har og vi har gjennom sesongen hatt nesten 120 treningar. Gaute har vore på bortimot alle.

 
Klikk på bilete for full storleik
Espen er solid i forsvar.

Elles har vi delteke på innecupar både i Husneshallen (3 lag) og i Odda (2 lag), og i sommar var vi med på Fjord Line Cup i Porsgrunn. På haustparten hadde vi også vår årvisse deltaking i Regy Cup i Haugesund. Kjekke turar med god oppførsel og innsats, og triveleg at ein stor del av foreldregruppa sluttar opp om desse aktivitetene. Det blir det også neste år, når vi endeleg skal få delta på Norway Cup for første gong. Vi er allereie godt i gong med dugnadsarbeidet for å få til ei veke i hovudstaden.

 
Klikk på bilete for full storleik
God sesong av Ole Martin.

Are Ulseth har vore trenar og Gro Aakre oppmann, og har altså hatt ansvar for to lag i vårsesongen, og eitt i haustsesongen. I tillegg har Geir Dolonen-Marthinussen trødd til som vikartrenar ved ei handfull høve. Vi starta ut i vinter med ca 18 spelarar og er om lag det same no. Ein slutta pga sjukdom i sommar, medan vi i haust har fått to nye gutar med på laget. Hekmatullah og Omid frå Afghanistan bur no på Valen og blir kjekke forsterkningar for oss. Yonas flytta i haust, og Benjamin har sagt han legg skorne på hylla, elles reknar vi med at heile gjengen er intakt til neste sesong.

 

For komande sesong blir vi sett under eitt med dei som neste år blir 15-åringar. Då er vi på blokka knappe 30 gutar, og det ligg an til 2 lag i seriespel. Trenarkabalen for førstelaget er førebels ikkje lagt, medan underteikna held fram som trenar for andrelaget.

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart