Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Årsmelding G14 (2002)

Klikk på bilete for full storleik
Lagbilde frå seriestart våren 2016
 
2002-modellane har hatt sin beste sesong nokon gong og har lagt bak seg eit år spekka med høgdepunkt, opplevelsar og uforglømmelege øyeblikk.
 
Klikk på bilete for full storleik
Lars med flest treningar og hattrick i NC-finalen

Vi starta opp med trening første veka i januar og dei 3 første månadane vart det trent svært godt med mykje kondisjonstrening for å ha mykje å spela med utover året. Sportsleg begynte det ikkje all verden bra. På 3 innecupar kom vi opp på godt nivå kun på ein av dei. I Bergen og i Odda fekk vi det ikkje heilt til, men heime i Husneshallen var gutane 'på' og sikra siger og 3. plass med 2 jevnt fordelte lag. Vi hadde tidleg meldt på laget til 1. div Rogaland (som året før), men fekk av ein eller annan grunn ikkje lov å vera med i Rogaland. Då endte vi opp i ei 2. divisjonspulje i Sunhhordland som einaste utveg. Her vart det litt for mange lette kampar og for lite utfordring for våre gutar med resultat som 20-1 og 14-0 blant anna. Vi enda opp som vinnar av pulja med reell motstand kun frå Odda og Fitjar. Spelemessig kunne vi likevel sjå utvikling hos gutane og i periodar varta dei opp med verkeleg flott fotball og tok og gradvis steg defensivt. Vi  sleit med få spelarar og vi må her få retta stor takk til Eivind N og G13 for å bidra med spelarar slik at vi kunne spela 11ar fotball som vi ønsker.

På sommaren la vi inn 3 veker oppkjøring til årets høgdepunkt, Norway Cup, der vi berre var 11 spelarar og måtte spela 7ar. Mykje er skreve om reisa vi hadde i Oslo og repeterer ikkje det i denne årsmeldinga. Oppsummert gjekk vi heilt til finale i ein klasse med 92 lag. Ekstremt tøffe kampar i kvartfinale (torsdag kveld) og semifinale (fredag morgon), samt skadar, gjorde sitt til at gutane var litt slitne i finalen som gjekk 3 timar etter semifinalen var over. Fjellhammer hadde hakket meir krefter igjen og det var nok til at dei vann 4-3 etter Golden Goal i ein svært spennande og underholdande finale som vart direktesendt på TV2 Sportskanalen. Ei oppleving for livet for små og store var det og ein flott prestasjon av gutane!

Hausten spelte vi G15, 2. div Rogaland for å få bedre matching enn i vår. Dette viste seg å vera eit godt alternativ og gutane løfta seg ytterlegare med ein god porsjon sjølvtillit henta i Oslo i august. Vi klarte til slutt å sanka flest poeng av laga i denne pulja i haust, der bortesiger mot Nord (7-1) og avslutninga heime mot Avaldsnes (6-0) var høgdepunkta. Med å spela opp eitt år kunne vi få hjelp av Are U. og 2001-gutane, både på trening og i kampane. Stor takk til Are & Co også for meget bra samarbeid! Takk også til Kjell Åge & co på G12 for samarbeidet om 'miniane' Isak og Emil:-)

Vi feira ein fantastisk sesong 1/12 på Trio huset med spelarar og føresette, med koldtbord, dessertar og kaker som vi hadde spleisedugnad på. Her mimra vi frå Norway Cup og såg både semifinale og finale opp igjen på stor skjerm (takk tilLiv Rose Olderkjær Larsen for arbeidet med filmane). Oppsummering av sesongen med kåringar (Toppscorar: Mads Jørgensen, Best treningsframmøte/Utvikling: Lars Olderkjær Larsen, Årets spelar: Daniel Normann).

Mange har bidratt for desse gutane i årets sesong; Kjell Arne Olderkjær Larsen (lagleiar, assistentrenar), Tore Olderkjær (trenar), Per Einar Gjerding (trenar). I tillegg har Odd Steinar Arnesen bidratt på ei økt i veka, Ørjan Normann har hatt regelmessige treningar og har kjørt gutane uttalige kilometer i Trio bussen. På kjøring av buss har han hatt avlastning av Svein Jarle Mo. Rune Mo hadde ein del treningar med gutane i vår med gode og nye impulsar. Vi hadde og inne tidlegare storscorar Ivar B. Arnesen Jr som gjestetrenar i mai der han ga tips om avslutningsteknikk.

 
Klikk på bilete for full storleik
Mads blei årets toppscorar med 25 seriemål på 18 kampar

Neste sesong tar 2002-modellane steget opp i gutelags klassen. Kabalen for lagleiing neste år er ikkje lagt ennå, men vi gler oss uansett til å følga dåke også i 2017!

 
Klikk på bilete for full storleik
Årets spelar: kaptein Daniel

Følgande har utgjort stamma i laget på trening og i kamp gjennom året: Torstein S. Olderkjær, Alen Foric, Marcus N. Mathisen, Joakim S. Heimvik, Magnus Tera, Isak Mo, Brynjar H. Gjerding, Daniel Normann (høyrt til G16), Mads Jørgensen, Tor Øyvind Grundberg, Martin H. Arnesen, Lars O. Larsen, Emil Voster (høyrt til G12).

 
Klikk på bilete for full storleik
Tore og Per Einar mellom slaga på Ekebergsletta

På vegne av lagleiinga,

Mvh Per Einar Gjerding

 
Klikk på bilete for full storleik
Ordførar Peder støtta laget i Oslo
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart