|
Nytt sponsorsamarbeid og nytt namn |  | | SAMARBEID: «Cupgeneralane» Hanne Larsen og Anita Åkre Hauge er strålande nøgde med å ha fått kjøpmann Dagfinn Gjerde og Rema 1000 med på laget. No har butikken signert ein femårig sponsor-avtale med idrettslaget Trio, og cupen skiftar namn til «Rema 1000 Husnes Cup». Tekst og foto: Mona Grønningen, Kvinnheringen. |
| | | Artikkel frå Kvinnheringen: Fotballcupen som samlar mange hundre ungar og frivillige vaksne i Husnes idrettspark kvar august, får i år nytt namn på grunn av eit nytt sponsorsamarbeid: «Rema 1000 Husnes Cup». | | | Cupen blir i år arrangert for 17. gong, og står for ein stor del av inntekta til idrettslaget Trio. Tidlegare har deltakaravgift og kiosksal gjort at hjula har gått rundt, men no får ein ny drahjelp i form av ein femårig samarbeidsavtale med Rema 1000 Husnes. Dermed blir også namnet på cupen endra til «Rema 1000 Husnes Cup». | | | – Vi har tidlegare hatt eit mindre samarbeid med Rema 1000, og er svært nøgde med servicen. Spesielt når vi har stått der på søndagen og er tom for noko, og berre har kunna ringa til Dagfinn og fått hjelp. Men denne nye, meir formelle sponsoravtalen, vil gjera det tryggare for oss økonomisk å arrangera cupen vidare, og i tillegg komma heile idrettslaget Trio og andre arrangement til gode, seier «cupgeneralane» Hanne Larsen og Anita Åkre Hauge. | | | I tillegg til å levera mat, frukt og grønt til deltakarane på cupen, skal Rema 1000 også vera til stades med eigen stand, og ha konkurransar og laga liv og røre. | | | – Vi har alltid støtta ein del lokale arrangement og organisasjonar, men ikkje i den grad vi gjer no, med ein solid, femårig avtale. Cupen er blitt så stor og bra, eg er imponert over det Trio har fått til. Derfor var det lett for meg å seia ja til ein slik avtale. Vi er ein lokalbutikk, og no får både profilert oss som ein støttespelar til barneidretten, og vi får gitt tilbake til lokalsamfunnet, smiler kjøpmann Dagfinn Gjerde, som eig og driv Rema 1000 på Husnes. | | | I fjor var 68 lag påmeldt til cupen, og nærmare 1000 menneske var innom idrettsparken på Husnes i løpet av helga. | | | – Dette er ein historisk samarbeidsavtale, cupen har aldri hatt det før. Det gir oss stor motivasjon til å stå på vidare. Cupen blir betre for kvart år, seier Larsen. | | | – Vi kjenner alltid det kriblar i magen og at vi gler oss når det nærmar seg. Det er stas når frivillige kjem til oss og ønskjer å bidra, seier Åkre Hauge. | | | I år blir Rema 1000 Husnes Cup arrangert 25. til 27. august. Link til cupsidene. | | | Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no
| | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |