|
Dobbelsiger til G15 på Nyttårscup på Stord |  | | Vinnarlaget Trio 2 |
| | | | Eit svært sjukdoms- og skadeplaga G15-lag tok laurdag turen til sommarøya Stord for å konkurrera for første gong denne sesongen. | | |  | | Endelig blir Anders Trio spelar! |
Blant spelarane denne dagen var dei 3 flotte tilvekstane vi har fått frå Halsnøy i år, Anders Eide Bjørnebøle, Mathias Hansen Eide og Selmer Bondhus. Denne veka fekk vi og ein ny keeper frå Afghanistan, Aref Hosseinizada. Anders nytta forøvrig anledningen til å signera overgangen til Trio, på luksusferja MF Gloppen:-) | | |  | | 3 mål på Alen på Stord |
Vi hadde 3 spelarar nettopp tilbake frå sjukdom og samla dei på laget som fekk gleden av å ha ein innbyttar. Dette laget var Trio 1 og hadde Torstein, Mads, Marcus, Selmer, Anders og Alen på laget. Trio 2 var bare 5, med nyankomne Aref som sisteskanse, miniane Isak og Emil, Mathias og Brynjar. I puljespelet fekk begge laga trøbbel med kvar sitt lag og tapte fortent ein kamp kvar. Dei vann imidlertid dei 2 øvrige og gjekk begge til kvartfinale som 2ar i puljene sine. Trio 2 vann 1-0 i sin kvartfinale etter å ha hatt god kontroll. Trio 1 måtte ut i straffekonk etter 1-1. Her avgjorde keeper Torstein med redning og scoring på kampens 2 siste straffar. Dermed semi på begge laga, der vi igjen skulle opp mot puljevinnarane, berre motsatt lag. | | |  | | Finale også på Trio 1 |
Slagplanen i semifinalane var samme for begge laga. Ligge djupt og stenge rom å spele i for ballsikre motstandarar. Angripe kjapt når anledningen byr seg. Taktikken virka til fulle. Trio 1 vinn 1-0 etter scoring av Mads. Trio 2 gjennomfører perfekt og hindrar målsjanser imot og har største sjansane i kampen. Det endar då med 0-0 og vinn straffekonken etter at Mathias sett vår fjerde og Aref reddar. Begge laga vi slo i semi hadde fleire spelarar frå Sone Sunnhordland og ekstra kjekt å setta dei på plass. | | |  | | 2 hattrick på Emil i dag |
Forberedt på å ryka i begge semiane, står vi plutselig i finale med begga laga. Gutane er utlada og utsletne i kamp 6 på 3 timar og kosar seg i lavt tempo i finalen. Trio 2 vinn til slutt 3-1 etter hattrick av målsniken Emil og redusering av Selmer. ' Ein kjekk start på sesongen var det og no ser vi fram til å få alle friske til neste helg då det er spennande innecup på heimebane i Husneshallen. Då er det 16-års klasse og endå hardare motstand. | | | | | | Per Einar | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |