Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Takka for seg som matchvinnar i finalen

Klikk på bilete for full storleik
Halsnøy 2 til topps i jenteklassen. På laget Ovidie Eide, Alida Nesheim, Silje Eide, Siren Njøs, Malin Lygre, Kristine Lygre, Hanna Mehammer.
 
Laurdag gjekk årets første innecup av stabelen, 15-16 åringane skulle til pers. Heile 25 lag deltok, 15 i guteklassen og 10 i jenteklassen. I jentefinalen avgjorde Kristine Lygre for Halsnøy med eit knallskot, det siste ho gjorde før overgang til Stord.
 
Klikk på bilete for full storleik
Sølvinnarane Rosendal Raud: Marte Bøyum, Thea Taranger, Eli Omvik, Hanna Tvilde, Alette Mehl, May Beate Brakstad.
Halsnøy-jentene var dominerande i cupen, trass enkelte særs unge spelarar. Men særs gode! Begge Halsnøy sine lag tok seg til semifinale, der dei møtte kvart sitt lag frå Rosendal. Kjekt var det at det også vart eitt lag frå kvar klubb i finalen, og der avgjorde altså Kristine Lygre med kampens einaste mål. Ergo vann Halsnøy 2 finalen mot Rosendal Raud.
 
Klikk på bilete for full storleik
Trio 1 vann guteklassen: Tarmo Tars, Lars Olderkjær Larsen, Daniel Normann, Mathias Hansen Eide, Brynjar Gjerding, Torstein Olderkjær, Mads Jørgensen.
'
Klikk på bilete for full storleik
Blide sølvvinnarar frå Rosendal: Ola Hunstad, Torbjørn Nes, Trym Guddal, Tord Guddal, Torstein K. Olsen, Snorre Søllesvik, Kristoffer Tangstad.
I guteklassen var det mange gode lag, men heilt til topps gjekk dei unge gutane på Trio 1. Best i spel var kanskje Odda sitt førstelag, men etter 1-1 i semifinalen mot nettopp Trio, var det heimelaget som vann straffekonken. Motstandar i finalen vart Rosendal 2, som imponerte med god moral og godt spel i turneringa. Men i finalen vart det stopp, etter at Trio 1 sin målsnik Lars Olderkjær Larsen avgjorde med kampens einaste mål, etter at Brynjar Gjerding var regissør.
 
Om to veker er det nye dyster i Husneshallen, då for 13-14-åringane.
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart