Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

God innsats i Trio Cup

Med heile 5 lag med frå Trio på gutesida i årets Trio Cup, utgjorde lag 3-5 stort sett det som blir andrelaget i serien i år. Her er litt om kvart av laga.
 
Klikk på bilete for full storleik
Trio 3: Omid Karimi, Simen Hellevik Lie, Espen Aakre Sjo, Gaute Thorkildsen, Alen Foric og keeper Aref Hossienizada.
Trio 3 var sett saman av dei mest seriøse i gjengen, og vi trudde dei skulle bite godt frå seg trass ei tøff pulje. Diverre fekk vi eit raudt kort allereie 3 minutt ut i første kampen. Ei veldig streng avgjerd, men dommaren dømmer. Uansett, vi måtte klare oss med 3 utespelarar i 3/4 av kampen. Det vart tungt og stort tap. Følgjeleg måtte vi også klare oss utan innbyttar også i neste kamp. Og det vart for hardt mot cupens kanskje mest velspelande lag, Odda 1. Ikkje eingong Espen fekk tak på landslagsspelar Anna Jøsendal, som noterte seg for 3 mål. I siste kampen skulle vi snu kjerringa, og det gjorde vi med ein veldig solid 3-0-siger over Moster. Omid, Simen og Gaute sikra ein velfortent siger, som dog ikkje heldt til avansement.
 
Klikk på bilete for full storleik
Trio 4: Vegard Fausk, Mathias Gjelseng, Jonas Teigen, Daniel Sørtveit, Tristan Fredlund og keeper Anders Solheim Dyrhaug.

Trio 4 var sett saman av gode spelarar, som gjerne ikkje er like ivrige på å ta til seg instruksar. På sitt beste står dei for mykje god fotball og fekk briljere med mykje bra angrepsspel i 6-0-siger over Trio 5 i første kamp. Så eit knepent tap for Rosendal i ein kamp vi dominerte, men ikkje hadde marginane med oss, før puljesigeren vart sikra med ein veldig solid siger 2-0 over Odda G15. Kjekt å sjå Jonas og Daniel opp mot sitt beste og Mathias leia gjengen med godt tempo og klokt forsvarsspel. Dermed vart det kvartfinale, men motstandar vart sjølvaste Trio1, som var puljetoar, men sidan vann heile cupen. Her hadde vi vel så mange sjansar som dei og kunne ved fleire høve teke leiinga, før Trio 1 kontra inn sigersmålet på ein rask overgang 5 minutt før slutt. Men godt kjempa mot førstelaget.

 
Klikk på bilete for full storleik
Trio 5: Erik Thomas, Stian Vågenes, Vegar Teigen, Magnus Tera, Hekmatullah Ahmadi. Med på laget var også Erlend Nissestad og Sondre Kvernenes.

Trio 5 var det yngste og ferskaste laget. Her var keeper Vegar kaptein og han hadde med seg tre 02arar, samt sågar tre innlånte 03arar frå Nissestad'en sitt G14. Småtassane klarte seg veldig bra. Vi kom tidleg bakpå og fekk ein leksjon mot Trio 4. Vegar var også uheldig på eit par baklengs der, men spelte seg stort opp og var ein legende i mål mot Odda i neste kamp. Her sendte Hekmat oss i føring og det heldt lenge, nesten heilt inn. 3 minutt før slutt utlikna Odda, og på tampen fekk dei også sigersmålet. Surt, for her hadde vi fortent betre. Vi gjorde også ein veldig sterk sistekamp, der alle bretta opp ermene og jobbar for kvarandre. I ein mållaus kamp mot Rosendal var vi nærast sigeren, men eit velfortent poeng vart det i allefall.

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart