 | | Semifinale på Trio 2 |
Trio 1 bestod av 6 stk 15-åringar (Torstein Olderkjær, Mathias Hansen Eide, Brynjar Gjerding, Daniel Normann, Mads Jørgensen, Lars O. Larsen) og 16-åringen Tarmo Tars. Inngangen til cupen var ikkje den beste, då alle utenom Mathias hadde vore satt ut av sjukdom og skade tett innpå og laget var langt fra storform. Dette viste igjen gjennom dagen og dei endte som puljetoar etter 0-1 nederlag mot Odda 3 i første kamp og 2-0 siger mot Moster Kvit. I kvartfinalen møtte gutane klubbkompisar frå 2001-laget, forsterka av 17-åringen Tristan Fredlund. Trio 4 hadde imponert i puljespelet og var einaste av Trio laga som vann si pulje. Dei eldre gutane på Trio 4 fekk kampen inn i sitt spor med tøft fysisk spel og Trio 1 gjekk småsur og hadde mest fokus på klaging på at dommar ikkje slo ned på det dei meinte var for tøft spel. I nokre tilfeller hadde dei nok også rett i dette, men det er viktig å lære seg å ha fokus på det ein kan gjere noko med sjølv. Daniel sett ein og Torstein holder reint og klar for semifinale mot Odda G16-1. Ein jevn kamp endar med 1-1 og straffekonk. Her vinn vi 2-1 og er klar for finale. Torstein vokta målet også for Trio 2 og var ein travel mann denne dagen. Med seg hadde han 3 stk 15-åringar (Marcus N. mathisen, Anders E. Bjørnebøle, Selmer Nondhus) og 3 stk 16-åringar (Sander D. Brækken, Ole Martin Byrknes, Samson Uppheim). Etter 1-3 tap og 2-0 siger, klarte vi oss med uavgjort i siste kamp for avansement. Kampen enda då overraskande 0-0:-) og kvartfinalebilleten var sikra. Her møtte vi Odda 3 og vant greit 2-0. Klar for semifinale mot Rosendal G16-2. Denne var åpen og jevn og enda mållaus. Ny straffekonk. Denne gong vippa det feil vei etter svært god skyting frå gutane i kvitt. Dermed finale mellom Rosendal G16-2 og Trio 1. Tett og jevnt, der kaptein Daniel tidleg fekk nok og gjekk ut. Dei andre løfta seg og avgjorde då Brynjar flott braut ei igangsetting frå Rosendal sin keeper og serverte Lars på blank føre målet. Godt defensivt arbeid ut kampen sikra turneringssiger uten å komma opp på veldig høgt nivå offensivt. 2 baklengs på 5 kamper er imidlertid bra og hovedgrunn til at det vart siger. Grattiss gutar - bra jobba!
|