Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

På tide med kamp!

G16: Trio 2-Rosendal2 5-2. Endeleg var det duka for kamp igjen, denne vintertida er sørgmodig lang og traurig. Men Trio og Rosendal braka i hop til dyst på Kvednabekkjen og i ein relativt jamnspelt kamp var heimelaget hakket kvassare og tok ein kontrollert siger. Ingen stor kamp, men greit nok til å vera årets første.
 
Klikk på bilete for full storleik
Tre mål av Daniel S.
Ein pangstart for oss då Vegard allereie etter to minutt vinn ballen høgt i banen og - trass i at han brukte vel mykje tid med ballen, styrte 1-0 i hjørnet. Vi tok godt tak i kampen og første kvarteret dominerte vi ganske bra. Fleire gode sjansar i denne perioden, særleg fekk Daniel S brukt farta si i løp mot venstre. To gonger kom han heilt rundt, eine gongen skaut han sjølv i nettveggen, og den andre skusla Alen vekk med eit slurvete utsidespark.
 
Klikk på bilete for full storleik
Mål og målgjevande av Hekmat.
Rosendal kjempa seg etter kvart inn i kampen og etter eit godt førstekvarter, var det neste temmeleg svakt frå vår side. Eit par gode sjansar som Tormod rydda opp i, men etter halvtimen fekk dei draumetreff og sendte utlikninga inn heilt oppi vinkelen. Kommunikasjonssvikt og manglande press frå oss. Men Daniel svara kort etter og 2-1-scoringa var dagens flottaste. Mathias i gong på venstrebacken, opp til Hekmat, som flikka nydeleg vidare med førstetouchen. Dermed raste lynraske Sørtveit mot mål og var sikker i sin sak. 2-1 sto seg til pause. Ein passe god, men variabel omgang.
 
Klikk på bilete for full storleik
Fin scoring av Vegard.
2-2 kom nesten før vi var starta på andre omgang, men etter kvart hadde vi eit visst overtak. Defensivt hadde vi etter kvart grei kontroll og offensivt tok vi også tak i det. Ny flott scoring sendte oss i tet igjen. Jonas fann Edvin på løp på høgresida. Han skar inn i feltet og spelte uegoistisk over til Hekmat på blankt mål. 3-2.

Daniel auka så to gonger. Først i bakrom då Magnus slo ein lang ball. Magnus vil hevde til sin død at det var ei bevisst pasning. Sidan snappa Daniel ballen frå eit usikkert forsvar og gjorde jobben sjølv, dermed sto det brått 5-2.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ole Martin var banens beste.
Med dette lot vi oss diverre friste til å føre og drible og skulle gjere for mykje på eiga hand. Kvaliteten stupte og vi rota oss vekk gong på gong. Dei få gongane vi skjerpa oss og spelte ball, varta vi opp med flotte kombinasjonar, men nokre gjekk i eg-fella stadig vekk. Dermed ei ordinær avslutning på kampen, men like fullt fortent siger. Ole Martin var vår bestemann i dag med godt og offensivt backspel og sidan solid innsats på sentral midtbane. Elles var Daniel ein pest og ei plage for Rosendalsforsvaret med farten sin, han er irriterande lett på foten.
 
Klikk på bilete for full storleik
Solid kamp av midtstoppar Tarmo.
Mykje bytting og rotasjon undervegs i dag, med heile 17 ivrige karar på plass. Tarmo fekk nesten heile kampen, elles vart det nokolunde 2/3 kamp på dei aller fleste. Om tre veker blir det returoppgjer i Rosendal, vi satsar også på å møte Trott i treningskamp, før nye Zinken Cup utandørs går av stabelen i månadsskiftet mars-april. Og så er seriestarten rett om hjørnet, det lysnar :)

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio 2-Rosendal 2 5-2 (2-1)
1-0 (2 minutt) Vegard Fausk
1-1 (30 minutt)
2-1 (34 minutt) Daniel Sørtveit
2-2 (41 minutt)
3-2 (47 minutt) Hekmatullah Ahmadi
4-2 (54 minutt) Daniel Sørtveit
5-2 (60 minutt) Daniel Sørtveit
 
Dommar: Nikolai Mayer

Trio sitt lag:
Tormod Sund Vårdal, Ole Martin Byrknes, Magnus Tera, Tarmo Tars, Omid Karimi, Sander Dolonen Brækken, Samson Nyrud Uppheim, Gaute Thorkildsen, Daniel Sørtveit, Vegard Fausk, Alen Foric.
Innbyttarar: Aref Hoseinizadah, Jonas Teigen, Mathias Gjelseng, Erik Thomas, Hekmatullah Ahmadi, Edvin Vågen Bjørgvik.

- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart