Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Lang dag i Husneshallen

Klikk på bilete for full storleik
G13-vinnar Rosendal Kvit: Jonas Solli Søllesvik, Marcus Guddal, Markus Enæs Seeberg, Mathias Ersland Høyland, Trym Hauge Leikvoll, Martin Nistad Lea, Igor Wojcik.
 
26 påmeldte lag i klassane 13 og 14 år gav ein lang dags ferd mot natt for arrangørane av Trio Cup. Først gjorde 8 lag i G13-klassen unna sine dyster, før like mange lag spelte i G14. Til slutt var det jentene sin tur, då 10 lag i 13 og 14 år braka i hop. Her vart finalen eit reint hardangeroppgjer, så finalistane er vel framleis ikkje heimkomne når dette referatet vert lagt ut.
 
Klikk på bilete for full storleik
Solnut G13: Torbjørn Aga, Leidulv Reisæter, Jarle Vikane, Jonas Bleie, Daniel M. Fadnes, Bogdan Khorsunov, Lars Trones.
I G13-klassen var det stort sett berre jamne kampar. Litt uvanleg at ingen Odda-lag var å sjå i semifinalen. I staden møttest dei to laga frå Rosendal, følgjeleg var dei sikra plass i finalen. Der møtte dei Solnut, som slo Trio 2 i andre semifinalen. Finalen endte uavgjort, før Rosendal Kvit vann den påfølgjande straffesparkkonkurransen og heva den største pokalen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Harding G14: Adrian Kvåle, Tobias Saudal, Dawitt Andom, Sajjad Nazar, Darmian Agic, Bjørnar Meling, Torgeir Hope, Timo Falk, Sondre Kvalnes.
.
Klikk på bilete for full storleik
Odda G14-2: Heine Ystanes, Sander Kvam, Sivert Rogne, Martin Hauge, Eivind Thygesen, Gutu Taju.
I G14 dominerte laga frå Hardanger og to av Odda sine lag møttest i eine semifinalen. I finalen møtte dermed Odda 2 det sterke laget frå Harding, som vann heile 4-0 over Trio 1 i sin semifinale. Også i finalen var Harding sterkast og drog i land ein kontrollert 2-0-siger.
 
Klikk på bilete for full storleik
Odda J14: Heidi Kysnes, Henriette Sekse, Ane Abelsen, Silje Karlsen, Amalie Kaasa, Ingrid Trones, Julie Rogne, Solvor Sandvin.
.
Klikk på bilete for full storleik
Solnut J14: Anette Wagtskjold, Helene Wagtskjold, Kari Bleie, Sara Kråkevik, Idunn Sivertsen, Ida Margrete Lothe, Ayla Sneeggen, Elin Sneeggen.
Jenteklassen besto altså av 10 lag frå 6 klubbar. Trio J14 er eit nystarta lag som ikkje har trenar, men to mødre har teke på seg lagleiaransvaret. Slik sett hadde ikkje jentene store forventningane på førehand, men etter siger i kvartfinalen, var også jentene nære på å vippe Odda J14 av pinnen i semifinalen. Oddingane vann dog 1-0 til slutt og det var meir målrikt enn i andre semifinalen, der Trio J13-2 og Solnut spelte mållaust. Solnut drog sigeren i land på straffar. Etter sisteplass i gruppespelet, sleit jentene frå Aga seg til ein uhyre knapp kvartfinaleplass, då også plauyoff-kampen i forkant endte uavgjort. Samtlige 8 Solnutjenter måtte i aksjon før Uskedal var slått i straffekonken. Sidan såg Solnutjentene seg ikkje attende før kreftene var oppbrukt i forkant av finalen. Der var Odda overlegne og vann heile 4-0.
 
Helga om to veker er det ny Trio Cup, då for G10, samt 11- og 12-årslaga. Takk til alle som gjorde ein flott dugnadsinnsats og sikra nok eit framifrå cuparrangement.
 
Klikk på bilete for full storleik
Trio J14: Emilie Askeland, Mia Høydal, Emma Weberg Kaldestad, Nadine Morstad, Helene Vågen Eikenes, Andrine Ynnesdal, Emma Heggøy, Gina Lindås Grindheim.
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart