|
Litt for spinkelt | | G16: Rosendal 2-Trio2 1-1. Gutane tok ikkje nok tak og bretta ikkje nok opp ermene mot Rosendal 2 fredag kveld. Dette er G15-laget deira, og dei hadde styrka seg med 5 frå 16-årslaget i kveld. Det gav dei meir fysikk og hurtighet enn då vi møtte dei sist. Det klarte vi ikkje å respondere nok på. I eit lokaloppgjer, og for så vidt elles og, må vi ha litt meir guts om vi skal vera nøgde. | | | Vi sjølve er god blanding mellom 15- og 16-åringar. Ikkje spesielt store i snitt, men nokre har i allefall litt kjøt på beina. Og med litt meir fysikk på motstandaren denne gong enn sist, hadde underteikna venta at vi skulle gå meir til i duellane og skape angrepsmoglegheiter på raske overgangar. Men der var vi litt for pinglete i dag. Særleg dei som er med førstelaget vårt hadde underteikna venta skulle gå meir føre. | | | Følgjeleg var det ikkje nok å jobbe med for dei offensive spelarane våre og vi fekk ikkje backane nok fram i angrep, slik vi hadde planlagt i peptalken. Kort og godt litt baktunge og førsteomgangen var tett på fri for målsjansar. For bakover klarte vi stort sett å halde kontroll og det var ikkje særskildt ofte Rosendalspublikummet kunne skrike på mål heller. Men rett før pause fekk dei ei scoring. Vi kunne notere to sjansar ved Daniel og Hekmat, men 1-0 til pause etter eit relativt langt gjesp av ein omgang. | | |  | | MOM: Simen Hellevik Lie. |
Espen fekk ein smell i leggen og tok eit kvarters pause i starten på andre omgang. Mot lynraske Snorre på topp levde vi litt farleg med Simen og Magnus som stopparduo, då ingen av dei er blant dei raskaste. Men med Espen inn igjen klarte vi stort sett å demme opp greit for bakromspasningane. Simen får elles bestemannstittelen vår i dag. Han er råsterk i duellane og har teke fleire steg i rett retning i vinter. Dette lovar bra, Simen! :) | | |  | | Stødig keeperspel av Aref Hosseinizada. |
Men også i andre omgang gjev vi frå oss initiativet ved å vera for veike i duellane. Dette var gjennomgåande for heile kampen. Vi hevar oss ein del utover i omgangen og 5 minutt før full tid utliknar vi når Daniel slår ein høg ball mot mål som keeper feilreknar. På overtid kunne vi også ha stukke av med sigeren då Sander lobba over keeper. Men også Rosendal har ein Sander (Myklebust), og han sprang heroisk mot eige mål og gjorde ei fantastisk redning med å klarere på strek. Greit nok, vi hadde ikkje fortent å vinne denne kampen, så få duellar som vi vann og så få sjansar som vi skapte. Så kravstore må vi vera. | | | Vonleg klarar vi å trøkke meir til neste helg, når Trott er motstandar i Prestegardsskogen. Plussar elles til Aref, som gjorde ein solid kamp i buret og til Ole Martin, som kom inn på sentral midt i andre omgang. Kampfakta frå Rosendal kunstgrasG16: Rosendal2-Trio2 1-1 (1-0) 1-0 (35) Snorre Solheim Søllesvik 1-1 (75) Daniel Sørtveit | | | Dommar: Svein Arild Kjærland, Uskedal.
Trio sitt lag:
Aref Hosseinizada, Mathias Gjelseng (Jonas Teigen frå 40 minutt), Espen Aakre Sjo (Magnus Tera frå 40 minutt), Simen Hellevik Lie, Gaute Thorkildsen, Sander Dolonen Brækken, Samson Nyrud Uppheim, Omid Karimi (Ole Martin Byrknes frå 40 minutt), Daniel Sørtveit, Alen Foric (Vegard Fausk frå 40 minutt), Hekmatullah Ahmadi (Espen frå 65 minutt). | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |