Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Årsmelding for symjegruppa 2016

Symjegruppa har avholdt årleg møte, referat frå møtet vert lagt ut når det er klart. Årsmelding kan de lesa under.
 

Årsmelding for IL TRIO symjegruppe 2016
 
 
Fylgjande har vore med i styret:
 
 
Leiar:                      Geir Sverre Andreassen 
Nestleiar:                 Elaine Vågen 
Skrivar:                   Frank Kronstad 
Kasserar:                 Knut Digranes 
Styremedlem:          Tonje Gravdal 
Styremedlem:          Roald Vigrestad
 
 
 
 
 
Medlemstal:       

Symjegruppa har hatt 120 medlemmer, 81 av desse var med i symjeskulen. Trenarar har vore: Kenneth Blom, Geir Sverre Andreassen, Roald Vigrestad, Ronny Gudding og Ella Therese Gudding. 

Det har vore fleire utskiftingar og endringar i symjeskulen etter sommarferien. Vi er no ein positiv og godt samarbeidande instruktørgjeng der Tonje Gravdal er ny symjeskule ansvarleg, nye instruktørar er: Ann Helen Collins, Marit Holtermann, Ella Therese Gudding og Silje Teigen. Desse er fortsatt med: Roald Vigrestad, Kurt Petterson og Geir Sverre Andreassen. Me har i tillegg nytta ungdomane Morten Bjørsvik, Håvard Hope, Imam Eldi og Sebastian Blom som hjelpeinstruktørar.
 
 
Anita Grude, Frank Kronstad og Elaine Vågen var med fram til sommaren.
 
 
Det har vore gjort eit stort arbeid med å få registrert medlemmer i Minidrett og tryggivann (tryggivann vert nytta i samband med symjeskulen). 
 
Aktivitet: 
Styret har hatt 7 styremøter, 3 av desse var også trenarmøter. 
Symjegruppa har ivsamarbeid med Kvinnherad røde kors hjelpekorps hatt 1. hjelp og livredningskurs i bassenget for 19 av våre medlemmer- vaksne og ungdom.
 
Symjeskulen har arrangert eitt begynnar instruktørkurs for eigne og eksterne instruktørar. 5 instruktørar har vore på vidaregåande kurs i Arna. Me har no fått etablert ei positiv, velutdanna og engasjert instruktør/trenargruppe i symjegruppa. 
 
Det har vore eimålsetting for å få etablert symjeskulen, både for å ivareta breidda og for å rekruttera nye symjarar til symjegruppa på sikt.

  

Symjegruppa vart trekt ut som vinnar av gåvekort pålydande 5000 kroner, for beste stand på fritidsmessa som var arrangert i kulturhuset på Husnes 9. april. Sebastian Blom, Håvard Hope, Anita Grude og Tonje Gravdal representerte symjegruppa.
 
Det var gjennomført to kurs gjennom Svømmeaksjonen som er eit samarbeid mellom Gjensidige stiftina og Norges svømmeforbund.

  

Me har delteke med ein domar på Kværner swim cup og vore på 2 approbert symjestemner og 3 uapprobertesymjestemner.

  

Juleavslutninga var ein stor suksess, den vart innleia med symjestemne i symjehallen deretter fylgde premieutdeling og fest i TRIO huset. Der var det dekka til 123 personar og kvar ein stol var oppteken.
 
Det må også nemnast at symjegruppa fekk pengegåve frå Sparebank 1 stiftinga på 100 000 kroner,gåva er/vert nytta til «oppgradering» av symjegruppa; nytt banetrenings ur,instruktør kurs, innkjøp av symjeføter, medaljar/premiar med meir.
 
Det er starta arbeid med å skriva jubileumsbok for idrettslaget, Ove Johansen har i den samanheng gjort ein fantastisk jobb med å rydda, systematisera, skriva og arkivera frå gamalt symjemateriale som har lege i pappøskjer og plastposar i kjellaren til TRIO huset.
 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart