Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Målorgie i Prestegardsskogen

Klikk på bilete for full storleik
 
G16: Trott2-Trio2 4-4. Trass i sluddbyger både før og etter, var det ein fin dag for fotball på Rommetveit, der gutane stilte til dyst mot Trott. Det vart ein veldig open og sjanserik kamp der begge lag kunne scora mykje meir enn dei 4 måla vi fekk kvar. Etter ei sterk avslutning, synest nok vi at sigeren glapp, men uavgjort var greit nok.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ein furten Gaute med pause pga smell i leggen. Men kapteinen kom på banen igjen og utlikna til 4-4.
Vi starta kampen med å prøve ut nokre nye konstellasjonar i midtforsvaret, Omid og Mathias fekk kvar sin halve omgang i lag med Simen - før Tarmo i andre omgang vart flytta inn frå backen til sin vante posisjon. Utprøvinga gav oss nokre svar, men som venta var det ein del utrygghet bak grunna framande posisjonar og uavklarte rollar. Samstundes hadde vi ein tendens i første omgang til å miste ballen sentralt i midtbaneleddet, noko som gav farlege overgangar i mot. Slik kom 0-1 tidleg, og 0-2 etter halvtimen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Friskt vingspel av Edvin.
Men elles var vi godt med på notene og hadde fine tendensar offensivt. Kanskje litt ivrige med å gå inn frå kant i staden for å halde breidda, men likevel fekk vi fleire gode sjansar. Samson hadde ein susar i tverrliggjaren frå 25 meter, før Sander skaut litt stressa utanfor i god posisjon - noko oppglødd over ein snasen tunnel i forkant. Tarmo hadde eit fint raid frå høgreback og skaut like utanfor, før Daniel S fyrte eit frispark frå godt over 20 meter i tverrliggjaren. Men rett etter 2-0-målet til Trott skulle vi endeleg lukkast. Edvin heada på keeper etter corner, og Daniel var framme på returen. Dermed 2-1 til pause.
 
Klikk på bilete for full storleik
To mål av Daniel S.
Nokre små ting å rette på midtvegs, samt 5 nye mann inn på banen. Etter ein fæl start med 3-1 i første minutt, så tok vi meir og meir over kampen. Sander vann att ballen høgt i banen og reduserte sikkert. Så fekk Daniel alle sjansars mor på eit strålande innlegg frå Mathias. Men på bortimot ope mål gjekk skotet over. Edvin fekk også ein kjempesjanse då Sander chippa han fri, men heller ikkje han hadde ro nok i avslutningsaugneblinken.
 
Men til slutt måtte utlikninga kome. Og igjen var det Daniel, som elegant vippa den inn etter ein god corner frå Mathias. Men Adam hoppa ikkje paradis lenge, Trott svara med å gå rett opp og sette inn 4-3.
 
Men vi var ikkje ferdige. Siste kvarteret hadde vi eit kraftig trygg og tidvis var det kanonade i feltet framom Trottkeeperen. Og utlikninga kom på eit strålande angrep. Tarmo med lekker cross til Edvin, som var på farten på høgrevingen. Innlegget traff Daniel, som fyrte laus på heil volley. Keeper redda, men Gaute var sikkert frampå på returen og då sto det 4-4.
 
God kamp av Mathias, både som back og midtstoppar.
Også etter dette hadde vi haugevis med sjansar. To farlege skot frå Vegard, ein lobb frå Sander og eit skot i tverrliggjar frå same mann. Den tredje i tverrliggjaren frå oss i dag. Magnus var også nære på etter ein corner, men i staden var Trott sin raske spiss nær ved å avgjere då han sprang frå midtforsvaret vårt. Men Tormod er rå ein mot ein og redda overlegent. Dermed ebba kampen ut med 4-4. Vi hadde sikkert nok sjansar til at vi kunne vunne dette, men kampen sett under eitt var uavgjort sikkert greit. Mathias og Daniel var gode i dag og får dele på man of the match-tittelen. Dei deler det meste elles og, så det går nok bra :)
 

Trott2 møter vi også i serien i år. Men det er lenge til seriestart. No ventar ein ny treningskamp, heime mot Rosendal/Trio sitt damelag. Det blir ei spanande og artig utfordring, og blir sikkert ein jamn kamp. Og helga om to veker blir det Zinken Cup i Odda. Kjekt å vera i gong for alvor med fotballsesongen 2017.

Kampfakta frå Prestegardsskogen kunstgras

G16: Trott2-Trio2 4-4 (2-1)
1-0 (7 minutt)
2-0 (31 minutt)
2-1 (33 minutt) Daniel Sørtveit
3-1 (41 minutt)
3-2 (47 minutt) Sander Dolonen Brækken
3-3 (63 minutt) Daniel Sørtveit
4-3 (65 minutt)
4-4 (71 minutt) Gaute Thorkildsen
 
Trio sitt lag:
Aref Hosseinizada (Tormod Sund Vårdal frå 40 min), Tarmo Tars, Simen Hellevik Lie, Omid Karimi (Erik Thomas frå 40 min), Mathias Gjelseng (Omid frå 65 min), Sander Dolonen Brækken, Samson Nyrud Uppheim (Gaute frå 60 min), Gaute Thorkildsen (Edvin Vågen Bjørgvik frå 20 min, Hekmat frå 65 min), Daniel Sørtveit, Alen Foric (Magnus Tera frå 40 min), Hekmatullah Ahmadi (Vegard Fausk frå 40 min).
 
- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart