Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Første damekamp på 10 år

I mai 2007 markerte Trio sitt damelag at dei hadde 1000 dagar utan heimetap. Men litt seinare på sommaren var det slutt for damene, som ikkje hadde nok spelarar til å fullføre sesongen. Sidan har det ikkje vore spelt seniorkampar for Triodamer i Husnes idrettspark, men onsdag kveld kl 19 blir det endeleg kamp igjen!
 
Klikk på bilete for full storleik

Rett nok har ikkje Trio eige damelag, men dei siste åra har vi hatt felles lag med Rosendal, med sistnemnte som administrativt ansvarleg for laget. Rosendal/Trio damer har spelt heimekampane sine i Rosendal, men onsdag kveld blir det altså treningskamp på Kvednabekkjen. Rosendal/Trio sin nye trenar, Triospelar Futsum Mebrahtu (biletet til høgre), leiar damene i sin første kamp.

 
Klikk på bilete for full storleik
Kaptein på Trio2, Gaute Thorkildsen.

Motstandar er Trio G16-2. Toarlaget vårt er ein mix av 15-16-åringar og det bør kunne bli ein tett og spanande kamp. Underteikna var Trio sin dametrenar fram til laget måtte leggast ned i 2007, og er i dag trenar for... ja, Trio G16-2. Møt fram og sjå ein spanande treningskamp :)

'

- Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart