Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Bra i vel ein omgang

Klikk på bilete for full storleik
 
Treningskamp: Trio G16-2 - Rosendal/Trio damer 5-1. På ein frostig Kvednabekkjen spelte gutane treningskamp mot damelaget og fekk høve til å få øving i å dominere spelet mot ein motstandar som låg lågt i banen. I første omgang, rett nok, for utover i andre omgang fekk damelaget kome inn i kampen og var farlegare offensivt enn vi var.
 
Klikk på bilete for full storleik
God førsteomgang av Jonas i defensiv midtbanerolle.
Vi jobba godt med fokusområda i første omgang og tok tak i kampen frå start. Jonas var ny i rolla som defensiv midtbane og etter nokre plasseringsvanskar i starten, fekk han godt tak på det etter kvart. Vi mønstra elles 17 mann, så ut over i kampen vart det mykje bytter og endring i posisjonar. Men som sagt, gjorde vi mykje som avtalt før pause. Sjølv med mange heil- og halvsjansar, tok det si tid før utteljinga kom.
 
Klikk på bilete for full storleik
Gaute har aldri scora to mål i ein kamp før!
Då vi fekk betra innleggskvaliteten eit par hakk, løysna det skikkeleg siste 20 minutta av omgangen. Eit godt innlegg frå Daniel og avslutning frå Gaute. Om ballen ikkje allereie var inne, så sørga i allefall Alen for at den uomtvisteleg var over streken. Kort etter fyrte Sander laus frå 20 meter og det sto 2-0. Det tredje kom på framifrå vis ikkje lenge etter, nytt innlegg og Gaute styrte ballen kontrollert i nota - med venstrefoten.
 
Klikk på bilete for full storleik
To mål av Sander.
Rett før pause kom også 4-0, då Sander knalla ballen inn via stolpen. Altså god utteljing mot slutten etter tilsvarande dårleg i starten. Men spelemessig var det mykje bra offensivt. Så prøvde vi midtvegs å korrigere at vi vart noko ivrige og oversåg defensivt ansvar etter kvart som måla kom. I pausen vart Sander byta ut, og han fornekta seg ikkje då damelaget spurde om å låne ein spelar grunna skader. Ergo byta han lag, og bidrog sterkt til at damene fekk meir trøkk i det offensive spelet.
 
Klikk på bilete for full storleik
Omid scora sitt første mål for Trio.
Første kvarteret av andre omgang var ok minus. Vi let oss gradvis lokke til å gå vekk i frå dei tinga vi fokuserer på. Men Hekmat var på hugget på høgrevingen og kom til ein del sjansar på gjennomløp der. Det vart farlegast dei gongene han la inn i staden for å skyte sjølv, og slik kom 5-0-målet, då Omid var på plass framom mål. Han noterte seg for si første scoring i Triodrakta.
 
Klikk på bilete for full storleik
Erik hadde god kontroll på venstrebacken.
Sidan gjekk det gradvis tråare og siste halvtimen kan vi ikkje vera særleg bekjente av. Då rotar vi mykje, slurvar med pasningane, gløymer posisjonane, skal gjere ting sjølv og helst vanskeleg. Sander lagde ein del vanskar for oss med stort tempo i lag med sterke Ingeborg på topp for damene. Han vart lagt i bakken av Simen, men straffen redda Aref på meisterleg vis. Men kvarteret før slutt fekk Rosendal/Trio ei velfortent redusering ved Ingeborg, etter godt innlegg bak forsvaret frå Sander.
 
Fint innhopp av Hekmat.
Vi skapte sjølv altfor lite siste halvtimen. Nærast var Jonas med eit skot på veg mot vinkelen, men sjølv der var evigunge Erna Mikkelsen på plass og slo til corner med eit formidabelt tigersprang! Dermed ebba kampen ut med ein grei 5-1-siger til oss.

Det er lenge til seriestart enno, så det er mogleg vi går for eit returoppgjer litt uti april. Men før det skal vi på Zinken Cup i Odda neste helg. Vår bestemann i dag? Tja, delt mellom Ole Martin, Sander og Hekmat. 

Kampfakta frå Kvednabekkjen

Trio G16-2 - Rosendal/Trio senior damer 5-1 (4-0)
1-0 (27 minutt) Gaute Thorkildsen (/Alen Foric)
2-0 (30 minutt) Sander Dolonen Brækken
3-0 (34 minutt) Gaute Thorkildsen
4-0 (38 minutt) Sander Dolonen Brækken
5-0 (56 minutt) Omid Karimi
Strafferedning: Aref Hosseinizada (65 minutt)
5-1 (74 minutt) Ingeborg Ljostveit
 
Dommar: Isaac Jørgensen
Gult kort: Simen Hellevik Lie
 
Trio G16 sitt lag:
Tormod Sund Vårdal, Mathias Gjelseng, Simen Hellevik Lie, Ole Martin Byrknes, Erik Thomas, Sander Dolonen Brækken, Jonas Teigen, Gaute Thorkildsen, Daniel Sørtveit, Alen Foric, Edvin Vågen Bjørgvik.
Innbyttarar: Magnus Tera, Omid Karimi, Hekmatullah Ahmadi, Tarmo Tars, Anders Solheim Dyrhaug, Aref Hosseinizada.
 

Rosendal/Trio sitt lag:

Erna Mikkelsen, Synne Nissestad, Kristine Enæs Medhaug, Trude Havnerås, Cecilie Håvik, Kjersti Næs, Ida Eikeland Stensletten, Anita Simensen, Lena Røssland, Adele Bauge, Ingeborg Ljostveit.

Samt Sander Dolonen Brækken i andre omgang.

 
- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart