|
Dugnad og verdsrekord! | Kjære medlemmar!
Vi har fått ein unik sjanse til å få inn ein fin sum til idrettslaget vårt. 20. april treng sponsoren vår PALFINGER MARINE folk til tjeneste på Seimsfoss. | | |  | | Bli med og sett verdsrekord! |
| Hjørnesteinsbedrifta Palfinger Marine har designa og produsert verdas største livbåt til cruise industrien, MPC49. Denne er produsert ved Palfinger Marine sin fabrikk i Ølve, og er ferdigstilt før påske. Som ein del av godkjenninga må dei vise DNV-GL (klassifikasjonsselskap) og kunden at dei kan få 440 personar trygt ombord på under 10 minuttar.
| | | | | | | Idrettslaget vårt har fått tilbud om å stilla med folk. For kvar person som stiller på dugnad får vi inn heile 250,- kroner til klubben, og TRIO styret oppfordrar alle som har anledning, til å vere med på dette! | | | Har du lyst og anledning til å vere med å setje verdsrekord? Påmeldinga er bindande, då det er veldig viktig at dei har nok folk denne dagen. | | | | Det går buss til/frå TRIO huset denne ettermiddagen, og alle frå ytre luten må nytte seg av dette tilbodet, grunna begrensa moglegheit for parkeing på Seimsfoss.
Fleire idrettslag er invitert, så her er det førstemann til mølla!
| | | Vel møtt! | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |