Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Finale i Vintercupen for A-laget

Klikk på bilete for full storleik
Finale! Trio - Nymark
 
Trio tok i mot Nymark på Kvednabekkjen laurdag ettermiddag for å avgjera kven som skulle få den gjeve pokalen i årets Vintercup i 5 divisjon. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Klikk på bilete for full storleik
Charter har utligna til 1-1 etter ein flott forspel av Erik VS.
Klikk på bilete for full storleik
Eivind har nett scora med rævo. 'Detta har eg øvd mykje på' seier Eivind etter kamp.
Klikk på bilete for full storleik
Allkan stresser Nymarkforsvaret.
Klikk på bilete for full storleik
Kaptein Åsmund var nøgd då Trio tok sitt første trofè på fleire år. "Eg gleder meg til å løfta trofeet når det kjem i posten".

Lagoppstilling 4-4-2 (diamant): 

 


Eirik Werner
Tony, Warhel, Åsmund, Marius
Thorkilds, Mats Mo, Eivind, Erik VS
Charter og Allkan

Reserva: 
George, Simon ,Simen , Niko, Henning og Vebjørn R, og Haga. 

 

Det var ein nervøs start frå begge lag og det virka på publikum som at det var om og gjera å kvitta seg med ballen først. Etter 5 minutt fekk Nymark eit frispark. Innlegget vart slått inn på bakre stolpe der 2(!) Nymark-spelera kunne stå heilt umarkert og avgjera kven som skulle heada ballen i mål. Den bakerste vann diskusjonen og heada ballen knallhardt rett under Eirik Werner i mål. 

 

Det var ingen finspelt omgang av nokon av laga men Trio fekk etter kvart dreisen på kula og var det førande laget. Trio hadde dei største sjansane og det var utruleg at det ikkje vart mål då Charter var på farten ved dødlinja etter 10 minutt. Han klinka ballen hardt foran mål og fant Allkan på 5 meter. Allkan var først på ballen men traff keeper. Keeper måtte gje retur og der stod Erik VS og venta. Han satte innsida av foten til men keeper retta opp returen sin og redda mesterleg. Heilt utruleg at da ikkje vart mål!

 

Trio hadde god kontroll bak og fortsatte å produsera sjansar i motsatt ende. Det var derfor ikkje urettferdig då Charter utligna berre minuttar før slutt. Erik VS dribla av 2 mann før han stakk ein nydelig stikkar til Charter som var på veg igjennom. Frå kanten av 16 skaut han ballen nede ved lengste stolpe og i mål. Fortjent utligning! 1-1!  

 

I pausen gjorde trenar Aleksander 2 bytte. Ringreven Håvard Haga fekk komma inn på sentral midtbane og Georg tok plassen på venstremidtbane. Ut gjekk Tony og Marius. 

 

Anført av ein heiltent Haga tok Trio skikkelig tak i kampen. Nymark la seg bakpå og sleit med å få tak i ballen. Trio begynte å spela ball og ballen for raskare i lengderetningen. Triogutta virkar også meir tente. Etter berre 13 minutt jagar Trio høgt i banen. Ballen blir spelt tilbake til Nymarkkeeper og Eivind jagar noko som ser ut som ein umulig ball. Keeper skal klarera men Eivind hiver seg foran. Ballen treff Eivind rett i rævo og dabber rett inn i nettet. Ikkje akkurat Eivind sitt finaste mål, men mål er mål! 2-1!

 

Kampen nærmar seg slutten og Nymark klarer ikkje å utfordra Trio noko særleg. Trio kaster innpå resten av benken: Niko, Henning, Simon og Simen for å sikra pokalen i havn. Og 5 minutt før slutt setter Eivind spikeren i kista. Eiving prøver å svinga eit frispark inn i feltet men ballen går rett i muren. Returen tar han sjøl og smeller ballen rett i mål. 3-1!

 

På overtid auker Trio ledelsen då Simon jager ein Nymarkforsvarar som ikkje klarer å finna medspelera. Han vinner til slutt ballen og sender den 45grader ut til Simen som skyt på direkten. Keeper må gje retur og der står Niko på rett plass og setter inn Trios 4 mål frå 5 meter. 4-1! 

 

Trio vinn dermed vintercupen! Aleksander seier han er svært nøgd med 2. omgangen då laget hans speler sånn som han har sagt. 

 

-Henrik L. Røssland-

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart