Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tap i Rosendal for G16-1

Trio sitt førstelag i G16 i årets sesong gjorde søndag unna årets einaste treningskamp. Under flotte forhold i Rosendal vart eit sterkt og godt heimelag for sterke denne gongen og vann til slutt fortent 3-0 over våre gutar.
 

Vi var noko redusert i det kaptein Daniel Normann spelte kamp for Team FKH på Karmøy. Det var 2 nokolunde jevne lag som utfordra kvarandre, men Rosendal var litt større og tøffare fysisk og tilreiv seg eit initiativ gjennom dette. Dette viste spesielt igjen sentralt på midtbanen, der Rosendal styrte det meste og vann både første- og andreballer.

 
Klikk på bilete for full storleik
Bestemann i dag

Rosendal tar leiinga etter eit drøyt kvarter gjennom eit kjapt kontrastøt på høgresida si. Innlegg føre mål og enkel jobb med å trille den inn. Etter 25min er keeper Torstein uheldig på eit frispak frå 35-40m. Den reddar han 99 av 100 gonger. Etter lite resolutt spel i våre bakre ledd gjer vi vekk eit par store muligheter til og det smell 2 gonger i aluminiumen. Sjølv produserer vi lite og gjer vekk ballen tidlegare enn vi hadde planlagt på forhånd. 0-2 til pause er ikkje eit mål for mykje.

 
Klikk på bilete for full storleik
Gaute var frisk på høgrekanten

I andre omgong finn vi litt meir ut av det sentralt på midten og det gjer med ein gong til at Rosendal slepp mykje mindre til. Omgongen er heilt jevnspelt, men heimelaget får putta på ein gong til, igjen virkar det frå sidelinja ikkje som noko målsjanse og noko lettvint og unødig. Våre beste i dag var Mathias og Tarmo.

 

Ei god treningsøkt vart det for oss sjølv om det vart noko stygge siffer. Mars er ein god måned å tape kamper. Vi fekk eit varsel om kva som ventar i 16-års klassen, det kjem til å bli tøft fysisk for våre noko småvokste karar og halve laget på 15 år. Utfordringa då blir å bryte med det fysiske duellspelet gjennom å tørra spele eget spel med ballinnehav og god bevegelse. Slår vi langt så ber vi jo om duellspel:-)

 

Mulighet for revansje til helga i Odda, då laga møtes i Zinken Cup på laurdagens siste kamp.

 
 

Ivar G / Per Einar G.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart