Administrativ innsats: Bjarte Solheim Bjarte har vore Triogut i alle sine dagar og byrja allereie medan han var spelar å trene gutelag i klubben. Det har han gjort i nær 25 år og på alle nivå, frå miniputt til junior. Og han har bidrege som hjelpetrenar på A-laget. Han har også i ei årrekkje representert Hordaland Fotballkrets som trenar for kretssamlingar for 13-åringar. I nær 10 år har han trent sonen sitt lag, og teke 2000-årgangen til å bli ein positiv og velspelande gjeng. I dei tre siste sesongane har dette også vore samarbeidslag med Halsnøy IL, der han og svogeren Verner Fjelland har vore trenarar, noko som kulminerte med opprykk til 1.divisjon og spel med dei aller beste G16-laga i Hordaland i haustsesongen i fjor (2016). Idrettsleg innsats: Trio G14 Pokalen for årets idrettsprestasjon går til Trio G14 i sesongen 2016. Dei deltok som 7arlag i G14-klassen i Norway Cup, med over 90 deltakande lag. Og dei tok seg på heilt til finalen, som vart sendt direkte på TV2. Dette etter å ha slått særs sterke lag i sluttspelet. Lars Olderkjær Larsen scora tre mål i finalen og Trio leia 3-2, inntil motstandaren Fjellhamar utlikna kort før slutt. I ekstraomgangane ville sigeren blitt delt om stillinga hadde vore uavgjort ved full tid, og motstandaren sitt sigersmål (4-3) kom berre knappe minuttet før ekstratida var over. ' Laget viste også fine prestasjonar i seriespelet i sesongen, med avdelingssiger i G14-klassen på våren og god innsats i 15-årsklassen på haustparten. |