Litt oppdatering frå J13 og G16 leiren her: Jenter 13-laget til Trio var tidlegast oppe av våre lag i dag. Etter 3 tap og ein tøff dag 'på jobben' i går, var det heiltente jenter som ville reise kjerringa i dag. I går tapte vi 0-6 mot Odda, i dag var det snudd på hovudet og vi styrte alt i første omgang. Julie er frisk som spiss og bankar inn 2 mål til fullt fortent ledelse 2-0 halvvegs. Odda pressar på i andre omgang og hadde nok fortent redusering, men då var Julie frampå igjen og satte sitt tredje. då gjekk lufta litt ut av Odda og Julie avslutta ein perfekt kamp for sin del og Trio sin del med sitt fjerde for dagen og 4-0 til Trio. 10 måls forbedring på ei natt må seiast å vera brukbart:-). Semifinale kl 13.10 mot Haugar J14-2. I den andre semifinalen møtes to andre Haugar-lag. G16-2 laget møtte Odda 2 i semifinale i B-sluttspelet. Her kjempa eit skadeskutt og redusert lag kjempegodt og var svært nær utligning på slutten. Dessverre eit knepent 0-1 tap. Ellers møter G14-laget vårt Haugar G14-1 i semifinale no 11.30. G16-1 møter Odda 1 i semifinale i G16-klassen kl. 13.10. Her prøver vi på LIVE oppdatering på Trio FB-side.
|