Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

3. plass på G16 i Zinken Cup

Eit lite resyme frå G16-1 si deltaking på Zinken Cup i Odda i helga. 5 kampar på 2 dagar, 3 sigrar og 2 uavgjorte kampar. Det holdt til semifinale, der det blei tap på straffekonk etter eit tøft og mållaust oppgjer etter 2x20min.
 
Klikk på bilete for full storleik
3 mål av Sander i Odda

Laurdagens puljespel betydde 4 kampar og først ut var Odda 2. Dette viste seg å vera eit godt organisert lag som var vanskelige å bryta ned. Vi lukkast ikkje med det, men slapp heller ikkje til nokon sjanser andre vegen. Dermed 0-0 og eit poeng. Neste var Odda sitt G15 lag. Her var vi litt jevnare i fysikk og på kunstgraset i Tyssedal fortsetter vi med godt defensiivt spel og produserer også meir framover. Brynjar sender oss i føringa med venstrefoten i første omgang i motvinden. Med vinden i ryggen i andre, aukar samme mann til 2-0 før Sander sett ein retur etter Samson frispark like før slutt. Fin 3-0 seier, ingen målsjanser i mot. Tredje kampen er mot Nord. Her eksperimenterer vi litt med 3-5-2 i stadenfor den vante 4-4-2. Dette funkar som berre julig frå start og Sander sett inn 1-0 tidlig etter assist frå Mathias. Nord har ein megasjanse på dødball, men vi unngår baklengs og 1-0 står til pause. Spissane ordnar 2-0 tidlig i andre. Brynjar spelar Lars fri som gjer ingen feil åleine med keeper. Nord har ein stor sjanse i andre omgang og, men Torstein redder mesterlig. då har vi 7p på dei 3 første og før siste kamp mot Rosendal er det klart at vi må vinna for å vinna pulja, mens Rosendal vinn pulja med uavgjort eller seier ettersom dei hadde full pott etter 3 kampar.

 
Klikk på bilete for full storleik
Flott stopparspel av Espen

Dette vart eit skikkelig lokaloppgjer som begge laga ønska sterkt å vinna. Vi var samtidig ute etter revansj for tap i treningskamp forrige helg. Vi kjører videre i 3-5-2 i første omgang. Det fungerer ikkje spesielt bra og Rosendal er det førande laget på store Odda Stadion. Vi er imidlertid giftige på kontringar og Sander herjar skikkelig på venstrekanten. Etter ein vegg med Lars gjer han resten sjølv og spring inn 1-0. Ikkje lenge etter er han på farten igjen og slår eit godt innlegg. Brynjar sender ein stoppar i pølseboden med ein finte og sett den i mål med venstre. Noko flatterande 2-0. Vi mister konsentrasjon eit øyeblikk like før pause og Rosendal kjem gjennom og reduserer til 1-2. Vi legg om til 4-4-2 i andre omgang og Rosendal skaper mykje mindre. Vi får ein del frispark der spesielt Daniel får hard medfart. Han sett sjølv eit like over, før han får finstilt siktet og kliner neste i krysset. Herlig scoring! Derfra kontrollerer vi enkelt inn seieren og vinn samtidig pulja.

 
Klikk på bilete for full storleik
Solid turnering av Mathias på Zinken Cup

I semifinalen mot Odda 1 er vi reduserte gjennom at Lars er skada etter Rosendal kampen. Det blir eit tøft og jevnt oppgjer der vi ikkje evnar å få til mykje spel på den vesle Eidesmoen bana mot eit svært fysisk og aggresivt Odda lag. 0-0 og straffar, der Odda fortent nok får finalebilletten mot Nest-Sotra.

 
Klikk på bilete for full storleik
3 mål også på Brynjar

3 sigrar, 2 uavgjorte og 8-1 i målforskjell blei dermed fasit. Svært bra defensivt av heile laget, men Tarmo og Espen drog tyngste lasset og leverte jevnt godt stopparspel heile helga. Mathias imponerte og som stoppar i spann med Tarmo i eit par kampar. Torstein leverte stabilt i buret i heile helga og verkar vera på veg mot form. Ellers svært bra innsats og jobbing på heile gjengen. Sander og Brynjar blei toppscorarar på laget i helga med 3 mål kvar.

 

No satsar vi på at alle er friske og raske på onsdag, då Trott kjem til Kvednabekkjen for seriestart.

 

Laget i Odda: Torstein Olderkjær, Marcus N. Mathisen, Simen Hellevik Lie, Espen Aakre Sjo, Tarmo Tars, Samson Uppheim, Mads Jørgensen, Lars O. Larsen, Daniel Normann, Mathias Eide Hansen, Anders E. Bjørnebøle, Brynjar Gjerding, Sander D. Brækken.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart