Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Kjekk cup i Odda for nytt J13-lag

J-13 laget til Trio i år er nytt i den forstand at det er ei samanslåing av fjorårets J12 lag frå Ternen og Trio. 15 jenter tok i helga turen til Odda 2 gonger for å spela Zinken Cup. Og det var gøy:-)
 
Klikk på bilete for full storleik
Pauseprat

Lørdagen skulle vi spela puljespel og her møtte vi 2 ulike lag frå Haugar og Odda J14. Resultatmessig nådde vi ikkje opp, men spesielt i første kampen mot Haugar J14 imponerte jentene med godt samspel og mange trekk innad i laget med ballen. Her vart det eit hederlig 1-3 tap. Mål for Trio ved Julie Soma Ersland. Neste var mot Odda J14 og her fekk vi det ikkje heilt til slik vi ønskte. Odda fekk noken billege mål av oss og dei vann kampen 6-0. Siste kampen var mot eit svært godt og spelande Haugar J13-1. Dei spelte slik vi ønsker å spela og det var kjekt å sjå på. Dei gav seg ikkje før det sto 12-1, etter redusering for Trio ved Malene Heimvik. Biltur heim for mat, lørdagskveld og tidlig i seng. Kamp allerede kl 09.00 søndag morgen....

 
Klikk på bilete for full storleik
5 mål på Julie i helga, 4 i ein kamp!

Kvartfinale mot Odda J14 søndag morgen. Vi var enige før kampen om å prøva å unngå å 'gje vekk' mål, for då skulle vi vera på talefot med Odda. Dette klarte jentene med bravur og Julie er frampå heile 4 gonger i løpet av kampen som endar med 4-0 til Trio jentene. Odda pressa oss på 2-0, men fekk ikkje uttelling. Flott kamp av alle jentene, men ekstra ros til Julie for å score 4 mål i ein kamp. Veldig bra!

 

Semifinalen vart eit lite steg tilbake mot eit hardtspelande Haugar J14 og vi taper 0-6. Likevel ei kjempekjekk helg for jentene der dei fekk vist for andre og seg sjølve at dei kan spela fotball.

 

No ventar 3 veker til med trening så er serien i gong:-)

 

Trio J13:

Malene Heimvik, Astrid Borgen, Aurora N. Mathisen, Ingeborg S. Hagan, Synna Gjerding, June S. Hammer, Margrethe N. Hillestad, Linnea Rusten, Ariana Quam, Lotte Ness, Leah Mo, Julie Soma Ersland, Emma S. Meling, Ida H. Gudding, June Marie Bjelland.

 
 

Bjørn og Per Einar

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart