 | | Bli med og sett verdsrekord, båten skal stå trygt på land! |
Hjørnesteinsbedrifta Palfinger Marine har designa og produsert verdas største livbåt til cruise industrien, MPC49. Denne er produsert ved Palfinger Marine sin fabrikk i Ølve, og er ferdigstilt før påske. Som ein del av godkjenninga må dei vise DNV-GL (klassifikasjonsselskap) og kunden at dei kan få 440 personar trygt ombord på under 10 minuttar. Idrettslaget vårt har fått tilbud om å stilla med folk. For kvar person som stiller på dugnad får vi inn heile 250,- kroner til klubben, og TRIO styret oppfordrar alle som har anledning, til å vere med på dette! Har du lyst og anledning til å vere med å setje verdsrekord? Påmeldinga er bindande, då det er veldig viktig at dei har nok folk denne dagen. Det går buss til/frå TRIO huset denne ettermiddagen, og alle frå ytre luten må nytte seg av dette tilbodet, grunna begrensa moglegheit for parkeing på Seimsfoss.
Fleire idrettslag er invitert, så her er det førstemann til mølla!
|